Ein synagoge er eit hus som blir bruka til jødiske gudstenester.
Eit slikt gudshus blir kalla synagoge i jødedommen, gurduara i sikhismen, moské i islam, kirkje i kristendommen og så vidare.
I synagogar finst det som regel …
- … ein Hekhál (ark), som er det skåpet der ein oppbevarar torárullane (bokrullane som inneheld Mosebøkene;
- … eit ner tamíd, som er det evige lyset som skal minne om menoráen (den sjuarma lysestaken) i Tempelet i Jerusalem;
- … og mange andre ting.
Når vi går inn i synagogen, passar alle gutar og menn på at hovudet er dekt. Om du ikkje har huve eller hatt på, skal du bruke ein kippa (kollhuve, kalott). Dette gjeld anten du er jødisk eller ikkje-jødisk, akkurat som alle tek av seg skorne i ein moské og alle tek av seg hovudplagget i protestantiske kirkjer.
Jenter og kvinner dekkjer hovudet i nokre synagogar. I andre synagogar er skikken at berre gifte kvinner dekkjer hovudet.