Jødedommen

er den religiøse kulturen åt det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som framleis blir praktisert utan avbrot. Trusprinsippa og historien åt jødedommen dannar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’í og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tenákh, er såleis òg heilag skrift for dei kristne og blir av dei kalla Det gamle testamentet.

Over dei siste omlag 2500 åra har jødedommen ikkje vore monolittisk i praksis og har ikkje retta seg fullt ut etter noka enkelt sentralisert og allment godteken autoritet eller bindande dogme. Trass i dette har jødedommen i alle sine variasjonar halde seg relativt tru mot ei rad religiøse prinsipp. Det mest sentrale av desse er trua på éin enkelt, allvitande transcendent Gud som skapte universet og fortset å spela ei rolle i det. Etter jødisk tru inngjekk den Gud som skapte verda ei pakt med det jødiske folket og openberra lovane og boda sine åt dei i form av Toráen. Jødisk religiøs og kulturell praksis har utgangspunkt i studiet og utøvinga av desse lovane og boda slik dei blir tolka av dei ulike antikke og moderne autoritetane. Les meir …

 

Det religiøst-politiske rammeverket

for artiklane om jødedommen her på Safon.org er tradisjonell sefardisk rabbinsk jødedom, inkludert tradisjonell-egalitær jødedom.

 

Heilt generelle ting

finn du her. Sjå gjennom ordlista eller søk i søkefeltet til venstre om du er ute etter å finne éin spesiell ting. Uttale: Kh blir uttala med ein raspande baktungelyd som i tysk Bach. Har du problem med skriftteikna finn du tips om installering av oppdaterte fontar og liknande her.