Artiklar
 

Aure kirkje er ei korskirkje av tre som vart innvigd i 1727. Kirkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommune på Nordmør, er soknekirkje for Aure sokn og hovudkirkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmør prosti av Møre bispedømme.

Johannes Berven (1899–1996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Bærven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under Innersetra på Tustna i noverande Aure kommune på Nordmør. Johannes Hilmar Gjermundson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Mora var Anne Marie Eriksdotter Sæter (1858–1925) frå same stad. Faren var Gjermund Gjermundson Berven (1850–1924).

Fuglsnes (IPA [‘fʌ:ʂˌnes:ɜ], dat. [‘fʌ:ʂˌnes:a]), òg skrive Fugelsnes, er ein matrikkelgard på Stabblandet i Aure kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Garden ligg på vestsida av Imarsundet og grensar til Blomtuå i sør og Holå i nord.

Innersetra (IPA [“iɲ:əˌse:tɾa] (N/A), [“iɲ:əˌse:tən] (D)), òg skrive Indresæter, eller Øygarden (IPA [“ʌ:ˌgɑ:’n] (N/A), [“ʌ:ˌgɑ:ɾa] (D)) er ein matrikkelgard på Tustna i Aure kommune på Nordmør i Møre og Romsdal. Garden ligg på vestsida av Solåsundet og grensar til Hals i sør og Storsetra i nord.

Hals (IPA [hɑ:ʂ]) er ein matrikkelgard på Tustna i Aure kommune på Nordmør i Møre og Romsdal. Garden omfattar Halsnesset og vidare nordetter Solåsundet til omlag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden Innersetra. I sørvest grensar garden mot Ersvika.