Safon.org:Hovudsida - Safon.org
  Safon.org:Hovudsida | Siste endringar | Vis kjeldetekst | Endringshistorikk

Utskriftsversjon | Vilkår | Personvern

Ikkje innlogga
Logg inn | Hjölp
 
På andre språk: English

Safon.org:Hovudsida

Frå Safon.org

Safon.org er ein nettressurs för kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Kjeldetypane inkluderer artiklar, bøker, bilde og pekarsamlingar. Safon.org har 2 509 artiklar og 4 289 bilde og andre mediafiler så langt, og fleire er på veg. Du finn eit tilfeldig utval av smakebitar frå dessa artiklane her på hovudsida kvar dag.


I dag er det fredag den 12. mars 2010. Den 12. mars er det gregorsmess etter primstaven.  


Siste artikkel

Familiær irsk feber (FIF) er ein autosomal dominant sjukdom som liknar på familiær middelhavsfeber ved de primære symptoma periodisk feber med buksmertor. FIF skil seg ut frå familiær middelhavsfeber ved at FIF er dominant medan FMF normalt er recessiv. Nyare forsking har òg vist at FEVH-mutasjonane som er karakteristiske for FMF ikkje er typiske for FIF-pasientar.   Les meir …

Mat

Bimuelos er populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre plassar. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng samen med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades).   Les meir …
Ein kvede (Cydonia oblonga; nyn., bm. kvede, da. kvæde, sv. kvitten) eller eit kvedetre er eit lauvfellande tre i rosefamilien og den einaste arten i slekta Cydonia. Kveden kan bli opp til sju meter høg og blomstrar i mai med 5 cm store lyseraude til kvite blomstrar. Den etterfølgjande frukta er gul og velduftande, men har eit tree, knapt etande, fruktkjøtt. Frukta kan kokast till syltetöy, marmelade eller gelé. I Sør-Europa, slik som i Italia og Spania, lagar de kvedebrød (italiensk cotognata og kastiljansk carne de membrillo), eit slags marmelade-snop av like vektdeler sukker og kvedemos som får koke i langkok og som så stivnar til geléaktig konsistens.   Les meir …
Sildball (lokal uttale sillbaill), òg kalla sildeball nokre plassar, er ein matrett som hovudsaklig blir bruka kring Ytre Nordmør og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Norge. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir hakka eller samenmolne til ein tjukk farse som så blir forma til kulor med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte samen med kålrabi og gulrøter — til de flyt opp.   Les meir …

Personar

Abraham Geiger (18101874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av leiarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særlig trua på at jødane er det utvelte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ei religion i utvikling og endring.   Les meir …
Herman Fischer (18931943) var ein jødisk förretningsmann og musikar i Kristiansund. Han dreiv förretninga Beklædningsmagasinet Fix, og på fritida var han cellist i Kristiansund Symfoniorkester og ledar av orkesteret.   Les meir …
Louis Danto (f. 1929 i Suwałki) er ein lyrisk tenor og ḥazzán som er kjent over store deler av verda för konsertframføringane og opptaka sine av italiensk, russisk og fransk operarepertoar så vel som jiddisch musikk og ḥazzanút, der han er blant de ledande nolevande tolkarane. Han har halde eit stort antal konsertar i Nord-Amerika, Europa og Israel, og han har spela inn 24 soloalbum för RCA, DaCamera, Musical Heritage Society og Cadenza. Fleire komponistar har skreve — og dedisert — musikk til Louis Danto. Han tjente som ḥazzán ved Beth Emeth Bais Yehuda Synagogue i Toronto i Ontario frå 1973 og heilt til han gikk av med pensjon i 1998.   Les meir …

Kystkultur

Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen ombord på ein båt, eit skip eller eit luftfartöy som kjem frå magnetismen i sjølve fartöyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt fortekn. Han vil òg endre seg etter kursen til fartöyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for olike retningar.   Les meir …
Nordlandsbåt viser til opne båtar av ymse størrelsar som tradisjonelt har vorte bygd i Nordland og Troms. Ein nordlandsbåt av ny type (etter begynnelsen av 1800-talet) har rette og høge stamnar som står mesta vinkelrett på kjølen og langt, lett, slankt skrog. Nordlandsbåtane er klinkbygde og har både årar og råsegl.   Les meir …
Ein slupp er ei lita seglskute, oftast med éi todelt master med gaffelsegl og tre forsegl. Han har permanent baugspryd eller klyverbom. Sluppen vart i store trekk bygd og rigga som ein kutter, men var oftast mindre enn kutterane.   Les meir …

Kunst og handverk

ALEPH Ordination Programs, eller ‘ALEPH ordinasjonsprogram’ på norsk, er namnet på det desentraliserte teologiske seminaret som blir dreve av ALEPH — felagskapet for Jewish Renewal. Skulen er i dag godkjent av det nordamerikanske National Council of Seminaries, som inkluderer ledarane av alle de större nordamerikanske rabbinar- og ḥazzán-studieinstitusjonane. Seminaret har tre program: det rabbinske programmet, rabbinsk pastor-programmet og kantorprogrammet. Dean (dekan, administrativ ledar) for seminaret er Marcia Prager (2005).   Les meir …
Jærhus er ein type hus som er rekna som typisk för Jæren i Rogaland fylke. Hustypen vart mykje bruka fram mot de første åra på 1900-talet. Etter kvart vart hustypen rekna som gammeldags, og mange slike hus vart revne för å gje rom för meir moderne typar. Det finst trulig berre noko over 100 jærhus att. Få av dessa er frå tida före 1800, og få er tekne vare på i opprinnelig stil.   Les meir …
Ei stavkirkje er ei kirkje bygd av tre med ein berande konstruksjon av loddrette stavar (stolpar) som står på liggjande svillor eller syllstokkar og ber stavleie. De konstruktive ledda i veggen danar rammor med ei utfylling av ståande plankar eller tilor. Stavane har gjeve namn til kirkjetypen. I vår tid blir stavkirkjone rekna å vara blant de viktigaste representantane for europeisk mellomalderarkitektur i tre og er representert ved Urnes stavkirkjeUNESCO si liste over verdsarven. I mellomalderen var det trulig over 1 000 stavkirkjor i Norge (nokre meiner det kan ha vore så mange som opp mot 2 000 kirkjor.), men de fleste forsvann i tida 13501650, trulig som følgje av endra behov etter svartedauden og reformasjonen. I 1650 var det kring 270 stavkirkjor att, og i neste hundreårsperiode forsvann 136 av dessa. I dag finst det berre att 28 av de gamle stavkirkjone i Norge.   Les meir …

Musikk

Ustād Ali Akbar Khan (bengali আলী আকবর খাঁ, 19222009), ofte kalla Khansahib, var ein musikar i Maihar-gharānāen av hindustansk klassisk musikk som først og fremst var kjent som ein virtuos sarōdspelar. Ustād Ali Akbar Khan spela ein avgjerande rolle i arbeidet för å gjera indisk klassisk musikk populær i Vesten, både som utøvar (ofte samen med Ravi Shankar) og som lærar. Han grunnla ein musikkskule i Kolkata i 1956, og i 1967 sette han i gang Ali Akbar College of Music, som no har San Rafael i California som hovudsete og ei avdeling i Basel i Sveits. I tillegg til arbeidet sitt med som utøvar og komponist innaför det tradisjonelle rāga-systemet er Ali Akbar Khan kjent som filmmusikk-komponist.   Les meir …
Johan Henrich Berlin (17411807) var ein organist og produktiv klassisistisk komponist frå Trondheim. Johan Henrich Berlin vart fødd i 1741 i Trondheim som son ått Dorothea Berlin og komponisten Johan Daniel Berlin og døpt i Nidarosdomen søndag den 1. september samma året. Johan Henrich fikk musikkundervisning av far sin og fikk tidlig vikariat som organist. Han fikk stilling som organist ved Hospitalskirkja allereide 17 år gammel, og i 1772 vart han tilsett ved Vår Frue kirkje.   Les meir …
Menuett er ein tradisjonell barokkdans av fransk opphav. Menuetten går i moderat, grasiøs tretakt og har to deler som kvar blir repetert i si opprinnelige form. Menuetten var ein av de best likte dansane ved hoffet til Louis XIV av Frankrike. Menuetten kom inn i den klassiske musikken gjenom den barokke dansesuiten og vart enda meir utbreidd da han vart etablert som fast tredjesats i klassisistiske symfoniar. I skandinavisk folkemusikk finst menuetten stadvis i Norge, Sverige og Finland — nokre gonger under noko olikt namn, slik som «Melodont» i Sunndalen.   Les meir …

Populære sidor

Safon.org blir dreven på frivillig basis. Om du har kunnskapar om musikk- og/eller kulturhistorie, skandinavisk kystkultur, religion/livssyn (inkludert bahá’ítru, buddhisme, islam, jødedom, sikhisme o.a.) eller urfolk og minoritetar (inkl. samar og reisande), og du godtek retningslinone, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vara med og skrive.   Les meir ...

Andre wikiar

WIKIPEDIA: nynorskbokmålsvenskdanskfærøyskislandsknordsamiskfinskengelskjiddischnederlandskplattysktyskdjudíospanjolfranskkastiljanskportugisiskhebraisk

ANDRE: Farmasihistorie.comKunsthistorie.comLokalhistoriewiki.no

Andre nettsidor

Historier.noDigitaltfortalt.no


Henta frå «http://safon.org/nn/index.php?title=Safon.org:Hovudsida»

Vist 57 277 gonger. Sist endra 02:13, 26 februar 2010.


[Safon.org:Hovudsida]
Geografi
Kroppsøving
Kunst og handverk
Mat og helse
Matematikk
Musikk
Naturfag
Religion og livssyn
Samfunnsfag
Språk og litteratur
Galleri

Vis kjeldetekst
Drøft sida
Endringshistorikk
Pekarar hit
Relaterte endringar

Spesialsidor
Feilmeldingar