Emne:Samar - Safon.org
  Safon.org:Hovudsida | Siste endringar | Vis kjeldetekst | Endringshistorikk

Utskriftsversjon | Vilkår | Personvern

Ikkje innlogga
Logg inn | Hjölp
 

Emne:Samar

Frå Safon.org

URFOLK OG NASJONALE MINORITETAR • nyare minoritetar

SAMAR • kvener • skogfinnar • romanifolk • sigöynarar • jødar

sørsamar • umesamar • pitesamar • lulesamar • nordsamar • austsamar

Samar (tidligare òg kalla lappar eller finnar) er eit folk som hovudsaklig hører heime på Nordkalotten. Namnet same er den skandinaviske forma av det samiske ordet saemie (sørsamisk) eller sápmi (nordsamisk), som viser til både område, folkegruppe og språk. Samane som folkegruppe kan ha utvikla seg i det siste tusenåret före den vestlige tidsrekninga, da det vart meir samhandling mellom gruppor i området og dessa gruppone vart meir oppmerksame på fellestrekk og skilnader. Det var i detta tidsrommet sijte- eller siida-systemet vart utvikla. I det samiske området bur det kring 75 000 samar. Tradisjonelle samiske levevegar fram mot nyare tid inkluderer reindrift, der de følgjer etter store reinflokkar på beitevandring, og kystkultur, med kombinasjon av småbruk og fiske — gjerne kombinert med båtbygging eller anna handverk og husflid.
Artiklar

Riehpie (gen. riebie) eller riehpe (gen. riebe) er pitesamisk för rev (raudrev). Andre samiske former av ordet inkluderer sørsamisk riepie, lulesamisk riebij og nordsamisk rieban. Den pitesamiske genitivsforma riebie/riebe finst i de tre stadnamna Riebevágge (Tollådalen), Riebejåhkå (Tollåga) og Riebetjåhkkå i Beiarn kommune i Salten.   Les meir …
Stødi er ein stad lengst nord i Rana kommune, på grensa til Saltdal kommune. Stødi ligg ved det høgaste området, kring 700 moh., av fjellpasset mellom Dunderlandsdalen og Saltdalen. Aust-søraust för Stødi ligg toppen Sváńgavárre (904 moh.) nærmast, og austom denna att Sváńga (Svangsfjellet) mot grensa til Arjeplogs kommun i Norrbottens län. Vestom passet ligg Bolnatind (1389 moh.). Frå gammelt av er Stødi særlig kjent for sieidien — ein samisk offerstad som var i bruk fram til innpå 1800-talet. Frå 1947 til 1949 var det haldeplass på Nordlandsbanen her, og frå 1950 til sommaren 1967 hade Stødi status som jarnbanestasjon. Rett nordom stasjonsområdet og austom jarnbanelina ligg Semska–Stødi naturreservat, som vart etablert i 1976.   Les meir …
Just Knud Qvigstad (18531957) var rektor ved lærarhøgskulen i Tromsø, filolog, folklorist og forskar på samisk språk. Han var dessutan høgrepolitikar og statsråd for Kirkedepartementet. Enda meir oppsiktsvekkjande enn kor gammel han vart — han dødde knapt tre vekkor för 104-årsdagen sin – er det ovanlig langvarige og innhaldsrike yrkeslivet hans. Den første vitskaplige publikasjonen hans kom ut i 1881, og den siste, om samiske kjærligheitsförtelingar, vart trykt 72 år seinare, i 1953!   Les meir …
Árranjulevsáme guovdásj / lulesamisk senter er eit senter för lulesamisk kultur på Drag i Tysfjord kommune i Salten/Ofoten. Senteret inneheld blant anna museum, språksenter og ein lulesamisk-språklig barnehage. I tillegg har NRK Sámi Radio lokalkontor der. Árran gjev ut eit populærvitskaplig tidsskrift om lulesamisk språk og kultur, Bårjås, som kjem ut med eit nummer i året. Språksenteret har vore involvert i produksjonen av det lulesamiske språkkurset Sámásta, og i tillegg er de involvert i den planlagte utgjevinga av ei norsk–lulesamisk ordbok.   Les meir …
Lulesamisk (julevsámegiella) er eit samisk språk som ligg geografisk og språklig mellom nordsamisk i nordaust og pitesamisk i sørvest. Språket blir tradisjonelt tala blant lulesamar i Nord-Salten (særlig Sørfold, Hamarøy og Tysfjord kommunar) i Nordland fylke så vel som i sørlige Gällivare, i Jokkmokk og i deler av Arjeplog kommunar i Norrbottens län. Tysfjord kommune (Divtasvuona suohkan), som utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Norge, vart innlemma i Sametingets språkforvaltningsområde den 1. januar 2006, og lulesamisk og norsk er likestilte språk i kommunen.   Les meir …
Sáme girjjebussa (lulesam.) eller Lulesamisk bokbuss er ein bokbuss som blir dreven av Tysfjord folkebibliotekDrag. Eigar av bussen og ansvarlig för personalet er Tysfjord kommune. Bøkerne inkluderer generelle bøker på samisk, med hovudvekt på lulesamisk, så vel som bøker om samiske emne på både samisk og skandinavisk. De har òg ein del generell fag- og skjønlitteratur på norsk og svensk. I tillegg har de informasjonsmateriell om Sametinget i Norge. Sáme girjjebussa kom i gang hausten 2001. I tillegg til at bussen dekkjer Tysfjord kommune, har han turar til Evenes, Narvik og Ballangen kommunar i Ofoten og til Hamarøy, Sørfold og Fauske kommunar i Salten. I 2004 gikk Gällivare og Jokkmokk kommunar i Norrbottens län inn i samarbeid med Tysfjord, og sidan den tid har bussen gått fire turar i året til Gällivare og Jokkmokk òg.[1]   Les meir …
John Savio (19021938) var ein samisk kunstnar som først og fremst er kjent för tresnitta sine med tematikk frå samisk kultur og levevis. John Andreas Savio vart fødd den 28. januar 1902 i Bugøyfjord som son av Else Strimp og Per Savio. Föreldra dødde da han var eit par år gammel, og han vart oppfostra av besteföreldra sine.   Les meir …
Salto Bihtesamiid Searvi (pitesamisk) eller Salten Pitesamisk Forening (norsk) er ei interesseföreining för pitesamisk språk og kultur. Föreininga vart stifta i 1999 og har medlemmer hovudsaklig i Beiarn, Bodø og Gildeskål kommunar. Föreininga oppretta stiftelsen Duoddará Ráffe tisdag den 30. juli 2002, og denna stiftelsen har ansvar for drifta av det pitesamiske kultursenteret på gnr. 48, bnr. 38, «Heimen» i Beiarn, som vart offisielt opna fredag den 20. juni 2003.   Les meir …
Pitesamisk (bihtánsámegiella, bihtámasámegiella), òg til dels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk som tradisjonelt har vorte tala av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Norrland austover til Arjeplog og Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord. Den sørlige naboen umesamisk ligg derimot nærmare sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir da òg oftast gruppert samen som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk blir rekna som utdødd som morsmål i Norge og er sterkt truga i Sverige.   Les meir …
Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet i Norge via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur til vatnet Saddai i Norrland. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. De bufaste samane har med tida vorte assimilert i lokal skandinavisk kultur gjenom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjenom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidone av Kjølen, og språket er no sterkt utryddingstruga med berre 20 morsmålstalande i Sverige og ingen i Norge i år 2000 i følgje Ethnologue.   Les meir …

Populære sidor

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjölpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om musikk- og/eller kulturhistorie, skandinavisk kystkultur, religion/livssyn (inkludert bahá’ítru, buddhisme, islam, jødedom, sikhisme o.a.) eller urfolk og minoritetar (inkl. samar og reisande), og du godtek retningslinone, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vara med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok för fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   För fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk för å hjölpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjölpe til...



Henta frå «http://safon.org/nn/index.php?title=Emne:Samar»

Vist 699 gonger. Sist endra 20:13, 27 august 2009.


[Safon.org:Hovudsida]
Geografi
Kroppsøving
Kunst og handverk
Mat og helse
Matematikk
Musikk
Naturfag
Religion og livssyn
Samfunnsfag
Språk og litteratur
Galleri

Vis kjeldetekst
Drøft sida
Endringshistorikk
Pekarar hit
Relaterte endringar

Spesialsidor
Feilmeldingar