Bimuelos
Frå Safon.org
|
Bimuelos er svært populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre stader. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng saman med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades). I Polen har bimuelos òg vorte bruka av asjkenazím. I denne nordlege utgåva blir det gjerne lagt i litt bringebærsyltetøy inni, og desse polsk-jødiske bimuelosane blir kalla pontshik. Det moderne hebraiske namnet er סוּפְגָנִיּוֹת (sufganijjót). Bimuelos er omtrent som småe berlinerbollar: Ein lagar ein laus gjærdeig, tek av deigen med ei skei (som ein dyppar i kaldvatn føre bruk) og slepp han oppi den kokande oljen. Dei ferdige bimueloane blir dyppa i lys sirup eller sukkerlake, eller ein strør melis over dei. Servér dei helst med ein gong.
|
Om dei skal serverast seinare, lèt ein dei kjølne og legg dei så i ein tett boks; dypp dei i varm sirup rett føre servering. Variant: Mange lagar dei litt større, lagar deigen litt hardare og har litt syltetøy i midten.
[endre] Oppskrifter
[endre] Berlinerbollar
[endre] Med gjær
- etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).
Ingrediensar:
280 g kveitemjøl 1 ts sukker 1 knivsodd salt 80 g smør 2 egg 40 g gjær bringebærsyltetøy
Framgangsmåte:
Manglar.
[endre] Med bakepulver
- etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).
Denne typen, som tradisjonelt ofte blir kalla smultbollar i Noreg, ligg svært nærme dei nederlandske oliebollen, men skil seg ut i gammaldags retning med mindre egg og krydder, og i moderne retning med å ha bakepulver i staden for gjær.
Ingrediensar:
3 koppar kveitemjøl 1 kopp farin (sukker) 1 kopp fløyte 1 egg 1 ts bakepulver ---- matolje sukker
Framgangsmåte:
Bland alle ingrediensane; kok i matolje; rull dei ferdige bollane i sukker.


