Wolfgang Amadeus Mozart - Safon.org

Wolfgang Amadeus Mozart

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Innhaldsliste

Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791).
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791).

Wolfgang Amadeus Mozart (17561791) var ein klassisistisk komponist og pianist frå Austerrike. Han er kjent som vidunderbarn og komponist av mange ulike musikkstykke innan klassisistisk stil. Han skreiv nokre av høgdepunkta innan opera, symfoniar, instrumentkonsertar og kor-, piano- og kammermusikk.

[endre] Liv

[endre] Barndom

Mozart som seksåring i klede han hadde fått i gåve ved hoffet i Wien.
Mozart som seksåring i klede han hadde fått i gåve ved hoffet i Wien.

Mozart var fødd den 27. januar 1756 i Salzburg, i det sjølvstendige erkebispedømmet Salzburg, og vart døypt Johannes Chrysostomus Wolfgangus Teophilus (Gottlieb) Mozart dagen etter at han vart fødd. Mora var Anna Maria Pertl Mozart, og faren var Leopold Mozart, ein leiande europeisk musikkpedagog. Leopold tok til å undervise sonen i klaver- og seinare fiolinspel frå han viste musikalsk talent som treåring.

Både Mozart og den eldre søstera Maria Anna vart dyktige musikarar, og dei og far deira reiste på konsertturnéar til fleire av hoffa i Europa. Gjenom dette vart Mozart kjent med store komponistar som Johann Christian Bach, som skulle bli ein viktig påverknad. Familien vart utsett for fleire epidemiar som herja Europa på denne tida, og mora dødde av feber i Paris i 1778.

Den unge Wolfgang Amadeus var ein uvanleg dyktig musikar. Allereie som sjuåring kunne han spela kva stykke som helst frå bladet, transponere utan vidare, improvisere ariar over ei gjeven basstemme og komponere på staden. Forteljinga om korleis Mozart skreiv ned det hemmelege, nistemmige stykket Miserere av Gregorio Allegri er vorte noko nær ei legende som skildrar kor gåverik han var. Dette stykket var bare tillate å framføre i Det sixtinske kapellet, og dei hemmelege notane fanst berre der. Den trettenårige Mozart skreiv ned musikken etter å ha haurt han framført éin gong, og dagen etter kom han tilbake for å rette nokre småfeil.

[endre] Karriere som vaksen

Da han vart eldre, var Mozart i ulike periodar tilsett ved hoffkapellet i Salzburg, men han busette seg til slutt i Wien som fri kunstnar etter at den strenge arbeidsgjevaren hans, prins-erkebiskopen av Salzburg, hadde kasta han ut derifrå. Han vart ein populær komponist blant adelen i byen og spela ofte piano på sine eigne konsertar ved hoff og i salongar der. Trass i god tilgang på arbeidsoppdrag og elevar hadde Mozart stadig økonomiske problem, både fordi han ikkje allveg fekk betalt for arbeidet sitt og fordi han ofte sløste vekk dei pengane han hadde. Sjukdommar og depresjonar gjorde òg livet vanskeleg for komponisten.

I 1782 gifta han seg med Constanze Weber, eit søskenbarn av komponisten Carl Maria von Weber. Dei fekk seks born, men berre to av dei levde opp. På denne tida vart han òg ven med Joseph Haydn og vart valt inn i same frimurarlosje som han. Religiøs symbolikk og samfunnskritikk med opphav her kan finnast att i operaene Die Zauberflöte (‘Tryllefløyta’) og Figaros brudlaup.

Etter å ha gjort stor suksess i Praha vart Mozart tilboden stillinga som keisarleg kammerkomponist da han kom tilbake til Wien i 1787. Tre år seinare vart han kapellmeister ved Stefansdomen i Wien. I 1791 komponerte han Die Zauberflöte, eitt av dei største verka hans, som òg gjorde stor suksess i samtida. Da han skreiv denne operaen hadde han berre to månader igjen å leva. Mozart dødde den 5. desember 1791, såvidt 36 år gammal, av ein ukjent sjukdom, medan han arbeidde på det siste, ufullendte verket sitt, Requiem.

   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innholdet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrot, så meld straks frå til YouTube.

Første satsen av Eine kleine Nachtmusik av W.A. Mozart spela på originalinstrument av New Trinity Baroque frå Atlanta, Georgia. Dirigenten er Predrag Gosta.


[endre] Verk

Mozart er ein sentral representant for klassisismen innan musikken, saman med komponistar som Haydn og Beethoven. Ein finn att alle dei viktige elementa i stilen i musikken hans: Balanse, klårheit og hovudsakleg ukompliserte harmoniar. Utviklinga hans liknar utviklinga til musikkstilen, frå eit enkelt tonespråk brukt av mellom anna Sammartini og Stamitz, til ein mogen stil der kontrapunktteknikkar frå barokken var innfletta.

Frå han var liten hadde Mozart talent for å etterlikne musikken han haurde, og dei mange turnéreisene hans gjorde at han fekk høre mange ulike stilar som han samla i eit særeige komposisjonsspråk. Som barn i London møtte han Johann Christian Bach og hans musikk; i Paris, Wien og Mannheim møtte han musikarar og komponistar derfrå. Påverknaden frå italienske overtyrer og humoristisk opera buffa er tydelege i musikken hans.

Mozart komponerte i mesta alle dei store sjangrane, som symfoniar, opera, kammermusikk og soloinstrumentkonsertar, der han særleg utvikla pianokonsertane og gjorde dei populære blant folk. Han skreiv religiøs musikk som messer, og lett underhaldningsmusikk som dansar og serenadar. På same måte som Franz Schubert er Mozart kjent for å ha skapt enkle melodiar som sitt lett i minnet.

[endre] Verkliste

Den austerrikske musikkforskaren Ludwig von Köchel laga ei kronologisk-tematisk liste over alle verka til Mozart som var kjente. Det er gjort endringar seinare, men komposisjonane 1–626 blir som regel refererte til med K- eller Köchel-nummer.

[endre] Solo- og kammermusikk

[endre] Orkestermusikk

[endre] Symfoniar


[endre] Solokonsertar

[endre] Vokalmusikk

[endre] Operaer

[endre] Messer

  • Exsultate, jubilate, K. 165
  • Krönungsmesse i C-dur, K. 317
  • "Groß" messe i c-moll, K. 427
  • Ave verum corpus, K. 618
  • Requiem i d-moll, K. 626


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Wolfgang Amadeus Mozart» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Personlege verktøy