Vegetarisk mat - Safon.org

Vegetarisk mat

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Vegetarisk mat er eit omgrep med noko varierande innhald. Den enklaste forklaringa er at «vegetarisk» er mat som ikkje inneheld kjøt. Det finst ulike definisjonar av vegetarisk mat:

  1. Vegansk mat er mat som ikkje inneheld nokon type landdyr, havdyr, fugl eller fisk og som ikkje inneheld mjølk og ikkje egg.
  2. Lactovegetarisk mat inneheld ikkje nokon type kjøt eller andre slakteprodukt av landdyr, havdyr, fugl eller fisk, men kan innehalde mjølk og andre meieriprodukt.
  3. Lacto-ovo-vegetarisk mat svarar til lactovegetarisk mat, men inkluderer i tillegg egg.

Dei tre gruppene ovanfor er dei «klassiske» typane vegetarisk mat. I tillegg kjem dei følgjande typane som nokre gonger blir definerte innanfor vegetarisk mat i aller vidaste tyding.

  • Pollovegetarisk mat kan innehalde alle typane matvarer i dei klassiske gruppene, og i tillegg fugl — og da særleg høns.
  • Pescetarisk mat kan innehalde alle typane matvarer i dei klassiske gruppene, og i tillegg fisk.

[endre] Lenkjer

[endre] Oppskrifter

[endre] Andre lenkjer

  • Vegeta Vertshus (Oslo) er ein røykfri vegetarrestaurant med grei mat og utprega alternativ stemning. Dei har bl.a. ei oppskriftssamling på heimesida si.
Personlege verktøy