Vaflar - Safon.org

Vaflar

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Svenske våfflor med iskrem og bringebær. (Foto: Per Erik Strandberg)
Svenske våfflor med iskrem og bringebær. (Foto: Per Erik Strandberg)
Langskafta bakelsjarn frå Nordmør. Dei lange handtaka gjer at ein kan steikje vaflene i grua. (Foto: Olve Utne)
Langskafta bakelsjarn frå Nordmør. Dei lange handtaka gjer at ein kan steikje vaflene i grua. (Foto: Olve Utne)
Innsida av langskafta bakelsjarn frå Nordmør. Legg merke til den firkanta forma. (Foto: Olve Utne)
Innsida av langskafta bakelsjarn frå Nordmør. Legg merke til den firkanta forma. (Foto: Olve Utne)
Belgisk vaffel frå Brussel. (Foto: David Monniaux)
Belgisk vaffel frå Brussel. (Foto: David Monniaux)

Ei vaffel (fleirtal: vaflar), òg kalla bakels (Nordmør, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) og raffelkaku (Trøndelag), er ei tjukkvoren, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vaflar kan vera rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange stader i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.

[endre] Oppskrifter

[endre] Bakels (vaflar) frå Nordmør

Ingrediensar (4-5 porsjonar)

   1 l   mjølk 
   4     egg 
ca 7 dl  mjøl 
(  1 dl  sukker) 

Framgangsmåte

Bland alt. Lat røra svelle minst ein halvtime. Steik i rundt vaffeljarn med hjarteform. For å få sprøe vaflar, legg dei på metallrist. Mjuke vaflar får ein med å legge dei oppå kvarandre.

Til kvardags serverer ein gjerne vaflane varme med ekte smør, brunost og syltetøy. For meir høgtidelege anledningar serverer ein gjerne òg graut som pålegg til vaflane — f.eks. smørgraut, rømmegraut, mølsgraut eller risgraut.

[endre] Lenkjer

Personlege verktøy