Uriel Acosta
Frå Safon.org
Uriel Acosta (1585-1640) var ein portugisisk filosof av jødisk opphav.
Acosta vart fødd i Oporto i Portugal i 1585 som Gabriel da Costa. Familien hans var jødisk, men hadde konvertert til katolisismen. Uriel Acosta overtydde familien til å gå attende til jødedommen, og dei måtte flytte til Amsterdam. På grunn av sin heretiske filosofi vart han (som òg Baruch Spinoza) bannlyst av den jødiske meinigheita. Etter ein svært audmjukande seremoni da han søkte forsoning med meinigheita att, tok han livet av seg i 1640.
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Uriel Acosta» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
