Unitarforbundet Bét Dávid (Den norske unitarkirke)
Frå Safon.org
| Kristendom |
| Skrifter |
| Den kristne bibelen (GT – NT) |
| Merkedagar |
| Det kristne året |
| advent - jul |
| faste - påske pinse - olsok bots- og bededag hausttakkefest |
| helgemesse |
| Livssyklus |
| dåp - konfirmasjon |
| ekteskap |
| død - gravferd |
| Bøner |
| «Fader vår» nattverd |
| Daglegliv |
| søndag - sabbat |
| kirkje - prest |
| Personar |
| Jesus - Maria Paulus |
| Inkvisisjon |
| inkvisisjon Spania - Portugal auto da fé limpieza de sangre |
| Retningar |
| Trinitarisme: ortodoks - katolsk anglikansk presbyteriansk luthersk - baptisme adventisme Unitarisme og judaiserande: Unitarisme - szekler norsk unitarisme «messiansk jødedom» |
|
Unitarforbundet Bét Dávid (Den norske unitarkirke) er kirkjesamfunnet til unitarane i Noreg. Unitarisk kristendom, òg kalla kristenunitarisme. Unitarforbundet Bét Dávid (Den norske unitarkirke) vidarefører den kristne tradisjonen som i dag lever i dei ungarske og rumenske unitarkirkjene, men legg òg vekt på å praktisere ein felles mosaisk arv. På det viset skil kirkjesamfunnet seg frå mange andre kristenunitarkirkjer. Den norske unitarkirke ligg nær opp til den unitariske szekler-sabbatarianismen og representerer truleg i dag det nærmaste ein i en kristen samanheng kjem til rekonstruksjonistisk jødedom og praksis (såkalla judaiserande kristendom). Dette kjem særleg til synes ved at ein held sjabbát frå fredag kveld til laurdag kveld og feirar han etter jødisk rituale. Mennene dekkjer hovudet med ein kippá (kalott). I tillegg til dei tradisjonelle kristne høgtidene blir pesaḥ (jødisk påske), sjabungót (jødisk pinse), rosj hasjaná, jom kippúr (soningsdagen), sukkót (lauvhyttefesten), ḥanukká (lyshøgtida) og purím feira. Nærheita til jødedommen kjem av innstillinga at kristendommen må forståast gjennom eit jødisk perspektiv. Dette blir grunngjeve historisk ut frå at kristendommen har opphav i éi av fleire jødiske retningar som fanst føre romarane raserte Jerusalem i år 70 evt.
[endre] Historie
[endre] 1894–1937
I 1894 etablerte unitarpresten Hans Tambs Lyche (1859–1898) det første unitariske tidsskriftet i Noreg, Frie ord; og året etter grunnla den norske unitarpresten og forfattaren Kristofer Janson (1841–1917) den første unitarkirkja i Noreg. Fram til 1900 heitte denne kirkja Broderskabets Kirke, men seinare vart ho berre omtala som Unitarisk Samfund. Fordi dette kirkjesamfunnet ikkje aksepterte Jesu guddom, nekta Stortinget i 1897 å godkjenne det som ei kristen kirkje. I staden vart det godkjent som landets andre ikkje-kristne dissentersamfunn. Det første ikkje-kristne dissentersamfunnet var Det mosaiske Trossamfund i Oslo. Unitarisk Samfund var i drift fram til 1937, da unitarpastor Herman Haugerud (1864–1937) døydde og meinigheita vart avvikla. Blant dei mest kjente norske unitarane utanfor Unitarisk Samfund finn vi namn som Nina og Edvard Grieg. Dei vart kjente med unitarismen i Birmingham i England i 1888. Etter at Edvard Grieg døydde, var Nina Grieg med på å finansiere kirkjebygget til dei danske unitarane.
[endre] 1995–
I 1995, om lag hundre år etter at den første unitarkirkja vart grunnlagt, atteroppstod deler av kirkjesamfunnet som småe unitargrupper i Oslo-området, og den 1. januar 2004 etablerte desse i nær kontakt med dagens transilvanske unitarisme i Ungarn og Romania, trussamfunnet Unitarforbundet (Den norske unitarkirke). I slutten av april 2005 vart kirkja registrert hos fylkesmannen i Østfold, og samtidig innvilga Det kongelige kultur- og kyrkjedepartementet dei einerett til namnet Unitarforbundet Bét Dávid (Den norske unitarkirke), som i dag er det offisielle namnet på kirkja. Den siste tida har det utvikla seg praksis for berre å bruke namnet Den norske unitarkirke. Den 12. april 2006 vart den første nordmannen unitardøypt i ei ungarsk kristenunitarisk kirkje, og den 31. mai 2006 fekk Den norske unitarkirke godkjent bryllaupsritualet sitt og innvilga vigselsmyndigheit.
[endre] Kjelder
[endre] Lenkjer
[endre] Norsk unitarisme
- Unitarforbundet Bét Dávid (Den norske unitarkirke)
- Norsk unitarisme
- Avisomtale av den første masteravhandling om norsk unitarisme
- Heidelberg: An outline of the history of the Unitarian movement in Norway 1893-1937 (onlineartikkel)
- Berg: De troende fritenkere - unitarene (onlineartikkel)
- The Quick Guide to the History of Nordic Unitarianism
- The Unitarian - notes from the history of Unitarianism in Norway
[endre] Unitarisme i Norden
[endre] Internasjonal unitarisme
- Szekler-sabbatarianisme (jødisk inspirert unitarisme)
- Transylvanian Unitarian Church
- Hungarian Unitarian Church
- Stor unitarisk samling med linker
- International Unitarian Universalist Counsil
- European Unitarian Universalists
- Unitarian Universalist Association (USA)
- American Unitarian Conference
- General Assembly of Unitarian & Free Christian Churches (Storbritannia)
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
