Underskriftsaksjon for minneplate på djudíospanjol i Auschwitz - Safon.org

Underskriftsaksjon for minneplate på djudíospanjol i Auschwitz

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

30. juni 2002: Auschwitz-Birkenau-minnesmerket har 19 minneplater på 19 ulike språk. Men ikkje på djudíospanjol (jødespansk). Av 360 000 sefardím som budde i Europa, vart 160 000 drepte av nazistane. Under Den 2. internasjonale konferansen for jødespansk i Salonika (Thessaloniki i Hellas) 16.-17. april 2000 vart det vedteke å arbeide for ei minneplate på djudíospanjol — morsmålet til fleirtalet av dem. Etter ein underskriftsaksjon som har vore oppe på nettet sidan 13. september 2000, er det no endeleg vedteke av Det internasjonale Auschwitz-rådet at ei minneplate på jødespansk skal lagast. Meir info kjem seinare.

Personlege verktøy