Tustna kommune
Frå Safon.org
Tustna kommune er ein tidlegare kommune på Nordmør. Tustna vart utskilt frå Edøy formannsskapsdistrikt som eige formannsskapsdistrikt den 1. januar 1874. Tustna formannsskapsdistrikt inkluderte øyane Golmøya, Tustna, Solskjelsøya, Stabblandet og vestsida av Ertvågsøya med unntak av Vinsternes. Den delen av kommunen som låg på Ertvågsøya vart lagt til Aure kommune den 1. januar 1965. Tustna kommune vart samanslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.
[endre] Ordførarar
| Periode | Namn | Parti |
|---|---|---|
|
1. januar 1874: Tustna blir skilt ut frå Edøy formannsskapsdistrikt | ||
| 1874–1875 | Peder Trondsen Størseth (1828– e.1890) | |
| 1876–1879 | Jonas Moe Halse (1829–1899) | |
| 1880–1913 | Gjermund Trondsen Øvrevik (1844–1920) | |
| 1914–1919 | Ole P. Guldsten | |
| 1920–1923, 1926–1934 | Martinus P. Jørgenvåg | |
| 1923–1925 | Sivert Madsen Follestad | |
| 1935–1942 | Edvard Øvrevik (1880–1971) | |
| 1943–1945 | Peder M. Jørgenvåg | |
| 1945–1947 | Johannes H. Nordheim (1886–1955) | |
| 1948–1951 | Thorstein Hamnes (1898–1951) | |
| 1951 | Peder J. Tømmervåg | |
| 1952–1959, 1966–1967 | Johan D. Tømmervåg | |
| 1960–1963 | Martin Sæterøy | |
| 1964–1966 | Trygve Høvik | |
| 1968–1971 | Magnar Guldstein | |
| 1972–1979 | Martinus P. Jørgenvåg | |
| 1980–1983 | Gjermund E. Øvrevik | |
| 1984–1987 | Nils Hamnes | |
| 1988– | Jon P. Soleim | |
| 1992–1993 | Hallvard Husby | |
| 1994–1999 | Daniel Golmen | |
| 1999–2003 | Hans Lauritzen | Ap |
| 2003–2005 | Ingunn Oldervik Golmen | Felleslista for V, Sp, H og KrF |
|
1. januar 2006: Tustna kommune blir samanslegen med Aure kommune. | ||
[endre] Kjelder
[endre] Heimelsfolk
- Arnstein Brevik

