Tu bisjbát - Safon.org

Tu bisjbát

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Tu bisjbát, eller 15. sjebát, blir rekna som nyårsdagen for trea. I 3. mosebok 19:23–25 står det at ein ikkje skal hauste frukten av treet dei første tre åra, og ikkje eta han før etter fire. Datoen når trea blir rekna som eit år eldre er fastsett til 15. sjebát. Det er vanleg å plante tre og/eller eta ny frukt på denne dagen — ein skikk som ser ut til å ha spreidd seg frå asjkenazisk mellomalderkultur. Etterkvart utvikla det seg ein séder — eit spesielt rituelt måltid — for 15. sjebát. Ein drikk 4 beger vin og et av minst 15 ulike slag frukt mens ein syng songar og fortel historier som passar til dagen. Ei av dei tradisjonelle historiene som gjerne blir fortalde på 15. sjebát er historia om Honí Hammengagél. Séderen vart tilbakedatert til det sefardisk/kabbalistiske Ṣefát (Safed) på 1500-talet, men har altså først og fremst asjkenaziske røter. I vår tid legg ein gjerne stor vekt på det økologiske aspektet.

[endre] Lenkjer

Personlege verktøy