Trondheims len - Safon.org

Trondheims len

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Erkebispegarden var lensherresete frå kring 1556 til overgangen til amt i 1662.Foto:Olve Utne
Erkebispegarden var lensherresete frå kring 1556 til overgangen til amt i 1662.
Foto:Olve Utne

Trondheims len, òg kalla Trondhjems len eller Trondheimhus len, og i ein periode frå 1530-åra til 1550-åra Steinvikholms len, var eit av dei fire hovudlena i Noreg som vart oppretta i 1503, og det bestod som len med ymse grensejusteringar fram til lenssystemet vart avvikla og erstatta med amt i 1662. Administrasjonsstaden for hovudlenet var for det meste byen Nidaros, seinare kalla Trondheim og Trondhjem. Kjerna i hovudlenet var sjølve slottslenet, og i tillegg fanst det eit varierande antal smålen som underlen. Smålena vart ofte samanslegne i ulike, meir eller mindre kortvarige konstellasjonar, men etter kvart vart smålena tekne inn i sjølve slottslenet, slik at dette dekte heile Trøndelag, Namdalen og Nordmør midt på 1600-talet.

Arbeid pågår.

Denne sida / dette avsnittet
er under arbeid.
Meir innhald er på veg.

This page/section
is being worked on.
More contents are under way.

Innhaldsliste

[endre] Trondheims len 1503–1537

I 1532 vart Erkebispegarden herja og brent av danske troppar. Erkebiskopen, som i praksis òg var lensherre og høvedsmann, trekte seg da tilbake til Steinvikholm slott, og lenet kom til å bli heitande Steinvikholms len i tida framover.

[endre] Steinvikholms len 1537–1556

Steinvikholm slott. Foto: Erik Fløan
Steinvikholm slott.
Foto: Erik Fløan

[endre] Høvedsmenn

[endre] Utstrekning

Dei første åra var Trondheims len eit innlandslen som først og fremst omfatta Strinda. Stjørdalen vart lagt til i 1541; Nordmør, Fosen, Gauldalen og Sparbu føre 1542; og Herjedalen ein gong føre 1549. Namdalen vart lagt til lenet permanent i 1552. Jamtland vart lagt under Trondheim i 1571.

Under høvedsmann Evert Bild vart det gjeve kongeleg løyve til å flytte administrasjonsstaden til byen og Erkebispegarden att i 1556, og lenet skifta da namn frå Steinvikholm til Trondheims len.


Kystlandskapa Romsdal, Nordmør, Fosen og Namdalen, som alle haurde til Nidaros bispedømme, låg under Bergenhus hovudlen dei første åra, men vart etter kvart overførte til Trondheims hovudlen. Namdalen vart overført til Trondheim i 1532 og Nordmør (Edøy) og Fosen vart overførte i i 1540-åra. Nord-Noreg òg låg under Trondheim nokre få år på 1500-talet, men kom snart under Bergenhus att. Romsdal låg ofte under Bergenhus, men låg under Trondheim blant anna i tida 16041627. Frå 4. januar 1639 til1642 låg Østerdalen, inkludert Idre og Serna, under Trondheims len òg.

[endre] Trondheims len 1556–1658

[endre] Trondheims län 1658–1660

Guvernør var Claes Nilsson Stiernsköld.

[endre] 1660–1662

Den interne organiseringa av Trondheims len varierte ganske mykje. Jamtland og Romsdal beheldt for det meste statusen som eigne underlen. Elles var det mange meir eller mindre kortvarige underlen i ulike kombinasjonar; blant anna kan nemnast Sparbu len, Stjørdalens len og Herjedalens len.

Erkebispegarden vart sett i brann av danske troppar i 1532, og under reformasjonen i 1537 vart Erkebispegarden overteken av dei danske myndigheitene. Han fungerte som administrasjonssete (1537–1658: lensherresete; 1658–60: guvernørsete; 1662– : amtmannssete) frå da av og fram til bygningane vart overlatne til militæret i 1686.

I 1645 vart Jamtland og Herjeådalen lagt under Sverige, og i 1658 fall resten av lenet, inkludert Romsdal, inn under svensk styre gjenom guvernør Claes Nilsson Stiernsköld. Jamtland og Herjeådalen vart lagt til det nye svenske lenet, som fekk namnet «Trondheims län». Trøndelag, Namdalen, Fosen, Nordmør og Romsdal vart lagt under dansk styre att i 1660, og i 1662 vart Trondheims len erstatta med det fastare organiserte Trondhjems Stiftsamt.

[endre] Kjelder

Personlege verktøy