Tobakk - Safon.org

Tobakk

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Innhaldsliste

Plansje av tobakksplante (Nicotiana tabacum L.).
Plansje av tobakksplante (Nicotiana tabacum L.).

Tobakk (Nicotiana spp.) er fellesnamnet på ei gruppe plantar som bl.a. inneheld den vanedannande rusgifta nikotin.

[endre] Tobakk i jødedommen

[endre] Røyking og helg

Det er strengt forbode etter halakhá å gjera opp eld eller å overføre eld på sjabbát. Dermed er det òg forbode å røykje på sjabbát etter tradisjonell jødisk lov. På jom tób som ikkje fell på sjabbát er det lov å overføre eld, men ikkje å tenne ny eld. Synet på røyking på jom tób ut frå spørsmålet om bruk av eld varierer dermed noko.

[endre] Røyking og helse

Både på grunn av skadeverknadene røyking har på røykjaren si eiga helse og på grunn av skadeverknadene passiv røyking har på helsa til andre som er til stades, er det stadig fleire rabbinske autoritetar i både ortodoks og ikkje-ortodoks jødedom som reknar røyking som forbode etter halakhá.


Røyking forbode-skilt.
Røyking forbode-skilt.

[endre] Tobakk i sikhismen

Røyking blir sett på som ei skadeleg rusgift i sikhismen. Røyking er dermed strengt forbode i alle gurduārāer, og gjester som nettopp har røykt og som dermed luktar tobakk kan bli nekta adgang til gurduārāen.

[endre] Tobakk i bahá’ítrua

[endre] Tobakk i islām

[endre] Sjå òg

[endre] Lenkjer

Personlege verktøy