Tjapātī
Frå Safon.org
Ein tjapātī (urdu چپاتی hindī चपाती [capātī]), òg kalla roṭī, er eit indisk flatvore, mjukt og lefseliknande brød av kveite som hovudsakleg blir bruka til å plukke opp og eta munnfullar av linse- og grønsaksretter med.
Tjapātīdeig blir vanlegvis laga av sammale kveitemjøl frå durumkveite, vatn og salt, men ein kan òg byte ut noko av mjølet med hirse- eller maismjøl. Ein kjevlar ut deigen til runde leivar av omlag 12 cm diameter og steikjer dei på båe sidene på usmurd takke (bakstehelle) eller steikjepanne ved høg varme. Deretter held ein kvar tjapātī ein augneblink (omlag eit halvt sekund) inn i ein open flamme, slik at tjapātīen blæs seg opp med damp som ein ballong. Det er relativt vanleg å pensle dei ferdige tjapātīane med ghī (klåra smør).
[endre] Kjelder
[endre] Sjå òg
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
Kategoriar: GFDL | Brød | Indisk mat | Matretter
