Tisjngá beáb
Frå Safon.org
Tisjngá beáb (hebr. ט’ בְּאָב el. תִּשְׁעָה בְּאָב [tiš'ŋā bə'āb]) eller 9. ab, òg kalla tanganít ab (‘ab-fasta’), er ein sørgje- og fastedag til minne om Tempelets fall i 587 fvt. og 70 evt. I tillegg fann mange andre tragiske hendingar i jødisk historie stad på eller nærme denne datoen, inkludert utvisinga av jødane frå Spania i 1492. Denne utvisinga skjedde forøvrig samtidig med at Christophorus Columbus la ut frå Spania med dei tre skipa sine, visstnok for å prøve å finne sjøvegen til Kina. Dagen blir markert i rabbinsk jødedom med spesielle gudstenester og med full faste frå solnedgang på tisjngá beáb-aftanen til solnedgang ved slutten av tisjngá beáb-dagen.
|
[endre] Korleis blir tisjngá beáb markert?
[endre] Faste
På tisjngá beáb skal ein faste heile døgnet, frå solnedgang dagen før til det mørknar når sjølve dagen er ferdig. Den einaste andre dagen ein fastar frå solnedgang til solnedgang er på kippúr. I tillegg til at ein ikkje et eller drikk noko som helst (om ein ikkje har helseproblem som gjer full faste spesielt skadeleg), skal ein ikkje bruke lêrsko.
[endre] Unngå pynt og unødig vask
Ein skal ikkje vaske seg, anna enn fingertuppane når ein står opp — og sjølvsagt etter toalettbesøk. Mange seier at dette gjeld inntil midt på dagen neste dag, fordi Tempelet framleis brann på 10. ab.
[endre] Unngå sosial omgang og underhaldning
Ein helsar ikkje på kvarandre; ein har ikkje ekteskapeleg omgang; ein går ikkje på spasérturar; og ein studerer ikkje Torá, med unntak av Ekhá (klagesongen), Ijjób (Jobs bok), visse deler av Jirmejáhu (Jeremia) og visse delar av Talmúd og medrásj som har med sorg og med øydelegginga av Templa å gjera.
[endre] Unngå vanleg arbeid
Tisjngá beáb er ikkje ein helgedag, og vanleg arbeid og tenning og sløkkjing av lys er tillate. Ein skal likevel helst unngå vanleg arbeid føre middag på 9. ab.
[endre] I synagogen
Synagogerommet og rituala understrekar tydeleg sorgen over både Første og Andre Tempelets fall og dei andre katastrofane som har ramma det jødiske folket på denne datoen, inkludert utvisinga av sefardím frå Spania i 1492:
På alle andre dagar i året er det ikkje parókhet (forheng) framføre Hekhál (arka, toráskåpet) i vesteuropeiske sefardiske synagogar, men på 9. ab heng ein eit svart klede utanpå Hēkhál. (Asjkenazím, som vanlegvis har parókhet framføre sin arón hakkódesj (ark), tek denne ned på 9. ab.) Ein tenner ikkje dei vanlege lysa i synagogen, men brukar gjerne kvar sitt lys (stearinlys, evt. lommelykt) for å sjå å lesa. Ein sit ikkje på den vanlege plassen sin, men anten på ein annan benk eller på golvet. Ein står ikkje på tebáen (almemmáren, bimen, plattforma der ein vanlegvis står og les), men har i staden eit enkelt bord med svart duk sett opp framføre tebáen. Torárullane er òg kledde i svart denne dagen, og sølvbjellene er erstatta med trebjeller eller svarte posar. Når ein les frå Ekhá (Klagesongen), så les ein gjerne med feil vektlegging av orda for å understreke enda meir den uvanleg tunge stemninga.
[endre] Kva dagar fell tisjngá beáb på?
- 2005: Frå solnedgang den 13. august til etter solnedgang den 14. august.
- 2006: Frå solnedgang den 2. august til etter solnedgang den 3. august.
- 2007: Frå solnedgang den 23. juli til etter solnedgang den 24. juli.
- 2008: Frå solnedgang den 9. august til etter solnedgang den 10. august.
- 2009: Frå solnedgang den 29. juli til etter solnedgang den 30. juli.
- 2010: Frå solnedgang den 19. juli til etter solnedgang den 20. juli.
- 2011: Frå solnedgang den 8. august til etter solnedgang den 9. august.
- 2012: Frå solnedgang den 27. juli til etter solnedgang den 28. juli.
- 2013: Frå solnedgang den 15. juli til etter solnedgang den 16. juli.
- 2014: Frå solnedgang den 4. august til etter solnedgang den 5. august.
[endre] Tisjngá beáb og sjabbát
Om tisjngá beáb fell på sjabbát, utset ein fasten til laurdag kveld etter at sjabbát er over, og ein fastar laurdag kveld og søndag i staden.
[endre] Sjå òg
[endre] Lenkjer
[endre] Primærkjelder
- Ekhá (Mechon Mamre)
- Misjná Tànganít (Mechon Mamre)
- Toseftá Tànganít (Mechon Mamre)
- Jerúsjalmí Tànganít (Mechon Mamre)
- Bablí Tànganít (Mechon Mamre)
- Misjné Torá Tànganijjót (Mechon Mamre)
[endre] Andre lenkjer
- «Tisha B’ab Service» Om gudstenesta på tisjngá beáb, slik ho blir gjennomført i Shearith Israel — den tradisjonsrike spansk-portugisiske synagogen i New York City i USA.
