Thomas Augustine Arne - Safon.org

Thomas Augustine Arne

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Thomas Augustine Arne (1710–1778)
Thomas Augustine Arne (17101778)

Thomas Augustine Arne (mars 17105. mars 1778) var ein engelsk komponist som er mest kjent for den populære patriotiske songen «Rule, Britannia!» som framleis blir mykje framført — mellom anna under Last Night of the Proms. Arne er òg kjent for å ha sett musikk til mange songar frå skodespela åt William Shakespeare.

Thomas Augustine Arne vart fødd i mars 1710 i Covent Garden i London i ein familie som hadde slege seg opp i møbeltrekkingsbransjen. Han fekk utdanninga si ved Eton College og var interessert i musikk frå tidleg i ungdomsåra. Eit tilfeldig møte med Michael Festing gav honom rikeleg høve til å pleie musikkinteressa si, men far hans ville likevel at sonen skulle bli jurist.

Søstera hans Thomas, Susannah Maria Arne, var ein kjent altsongar og var med på framføringane av nokre av verka hans, inkludert oppføringa av den første operaen hans, Rosamund, i 1733. Ho hadde lært å synge av bror sin og hadde opptrådd første gong med han i 1732 saman med bror deira Richard. I 1736 gifta Thomas Arne seg med ei anna songarinne, Cecilia Young (søster av Isabella Young, som vart gift med komponisten John Frederick Lampe). Arnes operaer og maskeradar vart svært populære, og han fekk patronasje av kronprins Frederick. I heimen åt kronprinsen, Cliveden, vart Masque of Alfred, som inneheldt songen «Rule, Britannia!» uroppført.

I 1750, etter ein krangel med David Garrick, forlét Susannah Drury Lane og byrja ved Covent Garden Theatre i staden, og bror hennar følgde etter. I 1755 separerte han seg frå kona si, som han hevda var mentalt sjuk. I mellomtida hadde han teke opp eit forhold med ein av elevane sine, ei Miss Brent, som var med på oppføringane av nokre av verka hans. Ho gifta seg seinare med ein fiolinist. I 1777, kort tid føre han dødde, forsona han og kona seg. Dei hadde ein son, Michael Arne.

[endre] Sjå òg


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Thomas Arne from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy