Reconstructionist Rabbinical College - Safon.org

Reconstructionist Rabbinical College

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

The Reconstructionist Rabbinical College (RRC) er hovudutdaningsinstitusjonen for rekonstruksjonistiske rabbinarar i USA. Seminaret, som i dag ligg i Wyncote i Pennsylvania, er akkreditert av Kommisjonen for høgre utdaning ved Middle States Association of Colleges and Schools i USA. Det femårs programmet, som inkluderer eitt studieår i Israel, leier fram til tittelen rabbinar og ein MA-grad i hebraisk.

RRC har òg tre programsenter:

  1. Kolot er eit senter for kjønnsstudium og kvinnestudium;
  2. The Center for Jewish Ethics er eit senter for jødisk etikk; og
  3. Hiddur er eit senter for studium av aldring og jødedom.

Seminaret vart grunnlagt i 1968 av grunnleggaren av den rekonstruksjonistiske rørsla, Mordecai Kaplan, og heldt opprinneleg til i to murbygningar i 2308 North Broad Street i Philadelphia i Pennsylvania. I september 1982 flytte RRC til den tidlegare Curtis Mansion ved Greenwood Avenue i Wyncote i Pennsylvania — ein forstad rett nordom Philadelphia. Hovudbygninga, som er omlag 2 560 m², er bygd i raud teglstein med skifertak og er eit eksempel på georgiansk arkitektur (omlag det same som Louis-seize-arkitektur). Bygninga inneheld klasserom, ein foajé, kontor for undervisnings- og administrasjonspersonal, Mordecai M. Kaplan-arkiva, eit kapell, ein kafeteria og ymse konferanserom. Ei omlag 560 m² stor garasje- og lagerbygning ligg òg i nærheita.

[endre] Lenkjer


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Reconstructionist Rabbinical College from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy