Tavla
Frå Safon.org
Tavla eller tavli (djudíospanjol), oftast kalla trikktrakk i eldre skandinavisk og backgammon frå midten av 1900-talet og utover, er eit brettspel for to personar der kvar spelar kastar terningar som viser korleis ein kan flytte brikkane. Tavlabrettet har to sider, som kvar er delt i to halvdeler. Kvar halvdel har eit kilemønster der kvar kile svarar til eitt felt. Det er seks felt i kvar halvside, og med andre ord 24 felt totalt på brettet. Dei to spelarane har oftast 15 brikkar kvar, og målet er å flytte alle brikkane forbi motspelaren sine brikkar og «heim».
Innhaldsliste |
[endre] Namn på spelet
[endre] Tavla
[endre] Trikktrakk
Ordet trikktrakk, frå fransk tric-trac, har tradisjonelt vore mykje bruka i Sentral- og Nord-Europa. På polsk er namnet tryktrak, på jiddisch טריק־טראַק og på esperanto er det triktrako. I Noreg og Danmark var trik-trak eller trikk-trakk det mest bruka namnet på tavla fram til tidleg på 1900-talet.
[endre] Backgammon
Ordet backgammon er det mest bruka engelske namnet på spelet. Utover 1900-talet har dette namnet breidd seg utover i Europa og Nord-Amerika og trengt unna dei eldre, lokale namna. Strengt teke er backgammon elles berre namnet på den forma av tavla som elles heiter portes.
[endre] Spelvariantar
[endre] Portes
Portes er den mest utbreidde varianten av tavla.
