Tāūs - Safon.org

Tāūs

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Taus)
Jump to: navigation, search
   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innholdet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrot, så meld straks frå til YouTube.

Ustād Ranbir Singh spelar Rāga Asa på tāūs.

Ein tāūs er eit indisk strykeinstrument på størrelse med ein cello og med 28–30 strenger, inkludert resonansstrengene. Etter sikhtradisjonen skal instrumentet ha vorte oppfunne av gurū Hari Gōbindh, den sjette av dei ti sikh-gurūane. Ordet tāūs er farsī for ‘påfugl’, og resonanskassen på tāūsen er faktisk forma som kroppen av ein påfugl. Den lange instrumenthalsen svarer til halefjørene på påfuglen.

Den som spelar på tāūsen sitt med føtene i kryss på golvet; tāūsen står på golvet, framom vinstre kneet. Halsen kviler over vinstre skulder. Instrumentet blir spela med ein noko grov boge som blir bruka med underhandsteknikk på liknande vis som gambe.

Ei mindre utgåve av instrumentet utan den store resonankassen og utan påfuglforma er kjent som dilrubā.

Personlege verktøy