Talmúd jerusjalmí - Safon.org

Talmúd jerusjalmí

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Talmúd jerusjalmí, òg kalla Den jerusalemske Talmud, Talmúd Ereṣ Jisraelí, Den israelske Talmúd og Den palestinske Talmud, er eit kommentarverk til Misjná som vart samla og redigert kring år 350 i Galilea i det historiske Israel (den daverande romerske provinsen Palæstina). Talmúd jerusjalmí skil seg ut frå Talmúd bablí ved vektlegginga av landbrukslovene, ved ei noko mindre stoffmengd alt i alt, ved den ofte svært kortfatta uttrykksmåten og ved ei meir ufullstendig overlevering.

Talmúd jerusjalmí har vorte noko mindre studert enn Talmúd bablí og har av dei fleste rabbinske autoritetar vorte rekna som noko mindre viktig — men særleg blant romaniotes (greske jødar) har Talmúd jerusjalmí vorte inngåande studert. Blant rabbinske autoritetar frå andre tradisjonar som har lagt stor vekt på Talmúd jerusjalmí kan først og fremst nemnast den sefardiske filosofen Mosjé ben Maimón (Moses Maimonides).

[endre] Innhald

Talmúd jerusjalmí inneheld, i motsetnad til Talmúd bablí, kommentarar til alle massekhtót (traktatar) av Seder Zerangím. Med unntak av Massékhet Berakhót, som handlar om velsigningar og bøner, handlar Séder Zerangím om landbrukslover — noko som var svært sentralt i det tradisjonelle landbrukssamfunnet i Israel. Derimot har Jerúsjalmí berre éin massékhet av heile Seder Tahorót, som handlar om rituell reinskap. Seder Kódasjím, som handlar om Tempelet i Jerusalem er heilt fråverande frå Jerusjalmí; truleg har dei urolege forholda i Israel ført til at ein ikkje kunne taka seg tid til å skrive om ting som ikkje var direkte nyttige i kvardagen etter at Tempelet fall i år 70 evt.

[endre] Språk

Jerusjalmí er skrive på ei blanding av hebraisk og sterkt hebraisk-farga vest-arameisk.

[endre] Lenkjer


Talmúd · תַּלְמוּד
(Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá)

Seder Zerangím (frø):

Berakhót · Peá · Demái · Kilájim · Sjebingít · Terumót · Mangasrót · Mangasér sjení · Ḥallá · Ngorlá · Bikkurím ·

Seder Mongéd (høgtid):

Sjabbát · Ngerubín · Pesaḥím · Sjekalím · Jomá · Sukká · Beṣá (Jom tób) · Rosj hasjaná · Tanganít · Megillá · Mongéd katán · Ḥagigá ·

Seder Nasjím (kvinner):

Jebamót · Ketubbót · Nedarím · Nazír · Sotá · Gittín · Kiddusjín ·

Seder Nezikín (skadar):

Babá kammá · Babá meṣingá · Babá batrá · Sanhedrín · Makkót · Sjebungót · Ngedujjót · Ngabodá zará · Abót · Horajót

(Berre i Talmúd bablí:  

Abót derebbí Natán · Soferím · Ébel rabbatí · Kallá · Derekh ereṣ rabbá · Derekh ereṣ zutá · Perek hasjalóm)

Seder Kódasjím (heilage ting):

Zebaḥím · Menaḥót · Ḥullín · Bekhorót · Ngarakhín · Temurá · Keritót · Mengilá · Tamíd · Middót · Kinním ·

Seder Tahorót (reinskap):

Kelím · Ohalót · Negangím · Pará · Tàharót · Mikvót (Mikva’ót) · Niddá · Makhsjirín · Zabím · Tebul-jóm · Jadájim · Ngokaṣín

Personlege verktøy