Talmúd bablí - Safon.org

Talmúd bablí

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Talmúd bablí eller Talmúd bavlí, òg kalla Den babylonske Talmúd, Bavli eller rett og slett Talmúd, er eit kommentarverk til Misjná som vart redigert i det noverande Irak kring år 550, men utvida vidare fram til kring 700. Talmúd bablí spreidde seg fort i mizraḥiske, sefardiske og asjkenaziske krinsar og var frå 1000-talet av sett på som den normative kjelda til den munnlege Toráen i dei fleste retningar av jødedommen.

[endre] Innhald

I motsetnad til Talmúd jerusjalmí, så inneheld ikkje Talmúd bablí kommentarar til Seder Zerangím (landbrukslovene) anna enn til den eine massékheten (traktaten) Berakhót, som handlar om bøner og velsigningar. Dette kjem av at det eksiljødiske samfunnet i Irak var mykje meir urbant orientert enn det på den tida framleis eksisterande agrarsamfunnet i Israel.

To sedarím som derimot blir inngåande handsama i Talmúd bablí er Seder Tahorót og Seder Kodasjím. Båe desse skildrar tilhøve som først og fremst har med Tempelet i Jerusalem å gjera — eit emne som etter at Tempelet fall i år 70 evt. ikkje var så aktuelt lenger i det krigsherja landbrukssamfunnet i Israel, men som urbane jødar i det på den tida mykje fredelegare og meir velståande Irak kunne taka seg tid til å handsame.

[endre] Språk

Talmúd bablí er i hovudsak skrive på austarameisk med innslag av hebraisk.


Talmúd · תַּלְמוּד
(Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá)

Seder Zerangím (frø):

Berakhót · Peá · Demái · Kilájim · Sjebingít · Terumót · Mangasrót · Mangasér sjení · Ḥallá · Ngorlá · Bikkurím ·

Seder Mongéd (høgtid):

Sjabbát · Ngerubín · Pesaḥím · Sjekalím · Jomá · Sukká · Beṣá (Jom tób) · Rosj hasjaná · Tanganít · Megillá · Mongéd katán · Ḥagigá ·

Seder Nasjím (kvinner):

Jebamót · Ketubbót · Nedarím · Nazír · Sotá · Gittín · Kiddusjín ·

Seder Nezikín (skadar):

Babá kammá · Babá meṣingá · Babá batrá · Sanhedrín · Makkót · Sjebungót · Ngedujjót · Ngabodá zará · Abót · Horajót

(Berre i Talmúd bablí:  

Abót derebbí Natán · Soferím · Ébel rabbatí · Kallá · Derekh ereṣ rabbá · Derekh ereṣ zutá · Perek hasjalóm)

Seder Kódasjím (heilage ting):

Zebaḥím · Menaḥót · Ḥullín · Bekhorót · Ngarakhín · Temurá · Keritót · Mengilá · Tamíd · Middót · Kinním ·

Seder Tahorót (reinskap):

Kelím · Ohalót · Negangím · Pará · Tàharót · Mikvót (Mikva’ót) · Niddá · Makhsjirín · Zabím · Tebul-jóm · Jadájim · Ngokaṣín

Personlege verktøy