Tallét - Safon.org

Tallét

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Mann med tallét. (Foto: D Rosenbach)
Mann med tallét. (Foto: D Rosenbach)

Ein tallét, fleirtal talletót, (hebr. טַלֵּית [ṭallēt] (klassisk) el. טַלִּית [ṭallīt] (israelsk)) er eit jødisk bønesjal med ein spesiell dusk, ṣiṣít, i kvart av dei fire hjørna.

Innhaldsliste

[endre] Bakgrunn

I Sjemàng Jisraél-avsnittet av den jødiske gudstenesta les vi bl.a.:

ויאמר ה׳ אל־משה לאמר׃ דבר אל־בני ישראל ואמרת אלהם ועשו להם ציצת על־כנפי בגדיהם ונתנו על־ציצת הכנף פתיל תכלת׃ והיה לכם לציצת וראיתם אתו וזכרתם את־כל־מצות ה׳ ועשיתם אתם ולא־תתורו אחרי לבבכם ואחריעיניכם אשר־אתם זנים אחריהם׃ למען תזכרו ועשיתם את־כל־מצותי והייתם קדשים לאלהיכם׃ אני ה׳ אלהיכם אשר הוצאתי אתכם מארץ מצרים להיות לכם לאלהים אני ה׳ אלהיכם׃

37 Og ADONÁI snakka åt Mosjé og sa: 38 Tal åt Israels born og fortel dei at dei skal laga seg duskar (ציצת, ṣiṣít) i hjørna av kleda sine i ættene deira, og dei skal gjeva til hjørneduskane ein tråd av blått (תכלת, tekhélet). 39 Og dei skal vera for dykk til duskar, og de kan sjå han og komma i hug alle boda (מצות, miṣvót) åt ADONÁI, og gjera dei — og ikkje søkje etter hjarta dykkar og etter augo dykkar, som forfører dykk etter seg — 40 så at de kan komma i hug, og gjera dei, alle boda mine; og dei skal vera heilage for dykkar Gud. 41 Eg er ADONÁI, Guden dykkar, som førte dykk ut av Egypt for å vera Gud for dykk; eg er ADONÁI, Guden dykkar.

(4. mosebok, kap. 15, v. 37–41.)

Dette gjev seg uttrykk i to klesplagg som framleis blir bruka: àrbaŋ kanfót (el. tallét ketanná), som er som ein liten poncho med duskar (ṣiṣít) i dei fire hjørna, og tallét (gedolá), eller bønesjal.

[endre] Framstilling

[endre] Fargebruk

Grunnfargen i ṣiṣít er vanlegvis kvitt.

To ulike typar ṣiṣijjót: Øvst ser vi ein asjkenazisk ṣiṣít med 7+8+11+13 viklingar. Nedst ser vi ein typisk sefardisk ṣiṣít med 10+5+6+5 viklingar med ein ekstra knute i kvart omfar. I tillegg har den nedste ṣiṣíten tekhélet (ein blå tråd).
To ulike typar ṣiṣijjót: Øvst ser vi ein asjkenazisk ṣiṣít med 7+8+11+13 viklingar. Nedst ser vi ein typisk sefardisk ṣiṣít med 10+5+6+5 viklingar med ein ekstra knute i kvart omfar. I tillegg har den nedste ṣiṣíten tekhélet (ein blå tråd).

[endre] Tekhélet

Opprinneleg skulle det vera ein tråd av tekhélet (azurblått) i duskane (4. mosebok, kap. 15, v. 38), men sidan ein på eit tidspunkt slutta å produsere dette fargestoffet, så brukar ein mesta alltid berre kvite trådar i dag. Dei blåe stripene ein ofte ser på tallétót er tenkt å symbolisere tekhélet. Sidan mange i dag reknar forsøk på å halde bodet om tekhélet som ulovleg, sidan vi ikkje veit sikkert korleis tekhélet vart laga, har ein ofte svarte striper i staden for blåe i sjølve talléten.

[endre] Korleis knyter ein ṣiṣít?

Når ein knyter ṣiṣít, så består «kjernen» av lange trådar (snorer), som gjerne er laga av ull eller bomull. Desse trådane (sju av dei) blir sikra av ein lengre tråd (den åttande) som blir vikla kring dei andre og knytt på bestemte måtar. Ein grupperer knutane ved at ein legg ein eller to ekstra knutar/dobbeltknutar etter dei.

[endre] 10 + 5 + 6 + 5

Denne grupperinga er vanleg blant syriske jødar, sefardím frå Balkan og vestlege sefardiske jødar. Grupperinga av knutar symboliserer det heilage Namnet — tala 10, 5, 6 og 5 svarar til dei numeriske verdiane av dei fire hebraiske bokstavane i Namnet: י (jód = 10), og ה (hé = 5), og ו (vav = 6), og ה (hé = 5).

[endre] 7 + 8 + 11 + 13

Denne grupperinga er vanleg blant syriske jødar frå Damaskus, marokkanske jødar og asjkenazím.

[endre] Bruk

[endre] Kven brukar tallét?

Skikken for kven som brukar tallét varierer noko:

[endre] Gifte jødiske menn

Alle sefardiske og asjkenaziske autoritetar reknar talléten som obligatorisk for alle gifte jødiske menn.

[endre] Ugifte jødiske menn og gutar over 13 år

I sefardisk jødedom blir talléten rekna som obligatorisk for alle jødiske gutar over 13 år. Frå 1900-talet av er dette vorte vanleg i mange moderne asjkenaziske meinigheiter òg.

[endre] Jødiske gutar under 13 år

I sefardisk jødedom er skikken at alle jødiske gutar som er gamle nok til å handsame talléten med respekt har på seg ein tallét i synagogen. I praksis skjer dette frå omlag fem- til sjuårsalderen.

[endre] Jødiske kvinner og jenter over 12 år

Det finst fem hovudsyn på bruk av tallét for kvinner og jenter:

  1. Obligatorisk: Karaittisk jødedom.
  2. Ikkje obligatorisk, men sterkt tilrådd: Risjón leṢijjón Jisraél Jangakób Alghazi.
  3. Ikkje obligatorisk, men fullt ut tillate, og kvinner seier den spesielle signinga: Rabbénu Tam, Rasjba.
  4. Tillate, men kvinner seier ikkje den spesielle signinga: Rashi, Maimonides.
  5. Forbode for kvinner: Utbreidd syn i nyare asjkenazisk-ortodokse krinsar.

[endre] Ikkje-jødiske kvinner og menn

Rabbinsk jødedom fråråder i utgangspunktet bruk av tallét for ikkje-jødar.

[endre] Kva tid brukar ein tallét?

Talléten blir bruka under bøn, hovudsakleg om morgonen og i nokon grad om ettermiddagen. Ein brukar stort sett ikkje tallét når sola ikkje er oppe, men det finst unntak — sjå nedanfor.

Talléten blir bruka av meinigheita under alle morgongudstenester, og dessutan under ettermiddagsgudstenester av dei som er tildelt ein spesiell miṣvá — som til dømes ngalijjá. I ein del synagogar brukar alle tallét under ettermiddagsgudstenesta på sjabbát. På kippúr brukar meinigheita talletót under alle gudstenestene, inkludert kveldsgudstenesta. Nokre få grupper — først og fremst temaním (jemenittiske jødar) — har på seg tallét under gudstenesta på fredag kveld.

Skikken varierer for den som leier gudstenesta: I nokre meinigheiter følgjer leiaren den same skikken som meinigheita, og i andre meinigheiter er det skikk at leiaren alltid har på seg tallét.

[endre] Ordet tallét

[endre] Opphav

Ordet tallét er truleg eit lån frå gresk στολη. (stolē, jrf. latinsk stola), men har òg vorte sett i samband med den arameiske rota טלל (ṬLL).

[endre] Skrivemåtar

Eit utval av moderne tallētót.
Eit utval av moderne tallētót.

[endre] Sjå òg

Personlege verktøy