Tāūs
Frå Safon.org
| Video frå YouTube | ||
|
Ein tāūs er eit indisk strykeinstrument på størrelse med ein cello og med 28–30 strenger, inkludert resonansstrengene. Etter sikhtradisjonen skal instrumentet ha vorte oppfunne av gurū Hari Gōbindh, den sjette av dei ti sikh-gurūane. Ordet tāūs er farsī for ‘påfugl’, og resonanskassen på tāūsen er faktisk forma som kroppen av ein påfugl. Den lange instrumenthalsen svarer til halefjørene på påfuglen.
Den som spelar på tāūsen sitt med føtene i kryss på golvet; tāūsen står på golvet, framom venstre kneet. Halsen kviler over venstre skulder. Instrumentet blir spela med ein noko grov boge som blir bruka med underhandsteknikk på liknande vis som gambe.
Ei mindre utgåve av instrumentet utan den store resonankassen og utan påfuglforma er kjent som dilrubā.
