Sykkel - Safon.org

Sykkel

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Damesykkel frå 1889
Damesykkel frå 1889

Ein sykkel er eit framkomstmiddel med eitt eller fleire hjul som er monterte etter kvarandre på ei ramme. Sykkelen får framdrift med hjelp av muskelkraft. Dette skjer anten ved å sparke han framover eller med at krafta blir overført frå føtene via pedalar, tannhjul og kjede til hjula.

Sykkelen har vore og er ein svært mykje brukt måte å taka seg fram på i mange delar av verda, og da særleg i fattigare land. I vestlege land har han i stor grad måtta vike for bilar, men sykkelen som ein måte å taka seg fram på har fått meir fokus etter at problema med global oppvarming og forureining har vorte tydelegare.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Modell av Karl Drais si «springemaskin» frå 1817. (Foto: Andreas Praefcke)
Modell av Karl Drais si «springemaskin» frå 1817. (Foto: Andreas Praefcke)

Sykkelen som oppfinning kan ikkje bli kreditert til éin bestemt person. Det gjekk føre seg ei utvikling der pedalar, kjedetrekk, diamantrama, gummihjul og gir gradvis vart tilføydde sparkesykkelen, som var den første konstruksjonen som likna syklane vi har no.

Det er heller ikkje sikkert kven som oppfann sparkesykkelen. Det skal finnast teikningar laga av Leonardo da Vinci-eleven Giacomo Caprotti som førestiller ein sykkel, men det er omstridd om det er ei forfalsking og om konstruksjonen faktisk kunne fungere som ein sykkel. Andre kjelder oppgjev greven av Sivac som oppfinnaren, ettersom han i 1791 skal ha konstruert ein sparkesykkel; men denne teorien er omstridd òg.

Langt mer pålitelege er historiene om tyske Karl Drais, som i 1817 fant opp det som heiter «dresin». Her var det snakk om ein tohjula sparkesykkel der syklisten sat overskrevs og sparka seg fram ved å sette føtene i bakken. Denne sykkeltypen skal ha vorte produsert i fleire tusen eksemplar.

Den første pedaldrivne sykkelen vart konstruert av skotten Kirkpatrick Macmillan i 1839. Pedalane drog i bakhjulet ved hjelp av strenger og hadde ikkje kjede. Denne typen vart plagiert av mange, men slo ikkje breitt gjennom.

Kring 1860 sette ein franskmann pedalar rett på framhjulet. For å kunna kjøre fortare, auka ein størrelsen på framhjulet, og dermed vart den karakteristiske «veltepetteren» (velosipeden) utvikla. Denne sykkeltypen vart svært utbreidd.

Sykkelen med kjedetrekk til bakhjulet vart funnen opp i 1879, men vart først utvikla i ei populær utgåve i 1885. Denne typen var mykje lettare å stige på og av enn velosipeden, og han vart derfor kjent som «tryggheitsssykkelen». Ved å ha større tannhjul framme enn bak på kjeda var det framleis muleg å halde høg fart. Grunnkonstruksjonen i denne sykkeltypen svarar i hovudtrekk til moderne syklar.

I 1879 konstruerte engelskmannen Joseph Lucas ei oljelykt som ein kunne montere på akslinga. Ho vart kalla navlykt og var den første eigentlege sykkellykta. Mange ulike løysingar dukka etter kvart opp, og både stearin- og karbidlykter vart bruka føre den første elektriske lykta såg dagens lys i USA i 1898.

[endre] Halakhá

[endre] Sjabbát

[endre] Jom tób

[endre] Kjelder

[endre] Litteratur

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy