Sunnmørsbåt
Frå Safon.org
Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmør og tildels Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til om lag 1880. Mindre båtar vart bygde inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygde og har både årar og segl. Dei er særleg kjenneteikna av skroget, som er snidbetna, og lårseglet.
Innhaldsliste |
[endre] Historikk
Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, løer og andre uthus. Båtmaterialane har vorte bruka på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling av båtdeler viser lita endring i byggjemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygde. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte bruka til å byggje oppatt båtar. Saxe Bjørkedal har rekonstruert både fjørefar, åttring og jekt på dette viset. Av originale storbåtar fins det berre ein åttring att. Han står no på Ålesund museum. At han er i så god stand har vorte tolka som at det har vore ein dårleg sjøbåt som har vorte lite bruka. Skapen, serleg på bakenden, kan òg tyde på det. To åttringar er i ettertid vorte bygde med utgangspunkt i oppmålingar av gamle båtbord på naustvegger. Av dei mindre båtane fins det fleire gode eksemplar.
Ei viktig kjelde til kunnskap om den gamle sunnmørsbåten er Hans Strøm: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmøer, beliggende i Bergens Stift i Norge. 1–2 Part, Sorøe 1762–66. Der finst det både illustrasjonar og mange opplysningar. Ei av teikningane er grunnlag for byvåpenet til Ålesund.
[endre] Størrelsar
Med utgangspunkt i Hans Strøm sine skrifter og i framleis eksisterande båtar, kan vi sette opp dette oversynet over ulike størrelsar på sunnmørsbåtane. Ein del båtar passar ikkje inn i dette skjemaet. Brukaren bestilte sin båt som han ville ha han, og båtbyggjaren bygde han.
[endre] Færing
Færingen var den vanlegaste bruksbåten til heimefiske og ærend mellom bygdelag. To rom, framrom og bakrom, og to røde (årepar). Ein til to mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl.
[endre] Kjempefæring
Stor færing med to rom og tre røde. Fremste keipeparet i den store framskuten. Tre til fire mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl.
[endre] Trerøring
Bruka til fiske og til reiser for fleire personar. Mykje bruka til kirkjebåt. Tre rom og tre røde. Tre til fire mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl.
[endre] Firrøring
Fiskebåt som òg vart bruka utanskjers. Tre rom og fire røde. Tre til fem mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl.
[endre] Seksring
Storbåt. Bruka til havfiske. Fire rom og fire røde. Fem mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl.
[endre] Fjørefar
Storbåt. Bruka til havfiske. Fire rom og fire røde. Seks mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl. Omtale og illustrasjonar med Hans Strøm. Det kan tyde på at dette var vanlegaste storbåten på 1700-talet.
[endre] Åttring
Største havfiskebåten. Fem rom og fem røde. Sju til åtte mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl. Vanlegaste storbåten, saman med seksring, på 1800-talet.
[endre] Sambøring
Den minste føringsbåten. Tre rom, eit av dei svært stort, til plassering av gods. Tre røde. Byggjemåte og seglføring ukjent. Om lag same størrelse som åttringen.
[endre] Tendring
Den nest største av sunnmørsbåtane. Fraktebåt. Denne har vi kjennskap til berre gjennom skriftene til Hans Strøm. Truleg ikkje snidbetning.
[endre] Jekt
Den største av sunnmørsbåtane. Omtale og illustrasjon hjå Hans Strøm. Fraktebåt. 10–30 lestar. 1 årepar. 8–10 mann. Framdrift: For det meste segl. Beingangar. (Ikkje snidbetning.) Ei jekt «Anna Olava» vart bygd i 2000, etter modell laga av Saxe Bjørkedal, ut frå båtmaterialar som vart funne i ei sjøbu på Håkonsholmen i Ulstein.
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Sunnmørsbåt» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
