Sunnmør
Frå Safon.org
Sunnmør, oftare skrive Sunnmøre i nyare tid, er eit landskap og tidlegare futedømme, len, syssel og kongedømme som utgjer den sørvestlege delen av Møre og Romsdal fylke. (Dei to andre delane er Romsdal og Nordmør.) Det er 17 kommunar på Sunnmør: Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund.
Sunnmøre har eit samla areal på 5 235 km² og 130&nbasp;601 innbyggjarar (1.4.2008).[1] Sunnmør er større enn landskapa Romsdal og Nordmør til saman og har 53 % av innbyggjarane i Møre og Romsdal fylke. «Hovudstaden» på Sunnmør er Ålesund, som med sine 42 000 innbyggjarar (2008) åleine har ⅓ av innbyggjarane på Sunnmør. Reknar vi med dei tre nabokommunane til Ålesund, Sula, Giske og Skodje, så har «Stor-Ålesund» eit folketal på 61 000 innbyggjarar, eller mesta 47 % av folketalet på Sunnmør.
Sunnmør har to andre, mindre byar òg, Ulsteinvik og Fosnavåg. I tillegg finst det fleire større tettstader, som Ørsta, Volda, Sykkylven og Brattvåg.
Landskapet på Sunnmør blir dominert av mange øyar, lange og tronge fjordar (blant anna den UNESCO-lista Geirangerfjorden) og fjella Sunnmørsalpane.
Sunnmørsdialekten hører, saman med nordfjordsmål og sunnfjordsmål, til de nordlege e-mål av vestnorske dialektar — ei gruppe der romsdalsdialekten oftast òg blir medrekna. Folk frå Sunnmør blir kalla sunnmøringar. Sunnmørsbunaden kjem frå området.
[endre] Administrative inndelingar
- Ålesund, Giske, Haram, Sula, Ørskog, Sykkylven, Norddal, Stordal, Stranda og Vanylven kommunar samarbeider i regionrådet Ålesundregionens Utviklingsselskap IKS (ÅRU) saman med dei to Romsdalskommunane Vestnes og Sandøy.
- Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta samarbeider i Søre Sunnmøre Regionråd.
Næringsregionar (NHO):
- Ålesund, Giske, Haram, Sula og Skodje utgjer næringsregion Ålesundregionen, saman med Sandøy i Romsdal.
- Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta utgjer næringsregion Søre Sunnmøre.
- Ørskog, Sykkylven, Norddal, Stordal og Stranda utgjer næringsregion Storfjord.
Rettsområde:
- Herøy, Sande, Vanylven, Volda og Ørsta utgjer rettsområdet for Søre Sunnmøre tingrett under Frostating lagdømme.
- Dei øvrige tolv sunnmørskommunane utgjer rettsområdet for Sunnmøre tingrett under Frostating lagdømme.
Prosti i Den norske kirkja, alle under Møre bispedømme (tidlegare under Bjørgvin bispedømme):
- Nordre Sunnmøre prosti omfattar Ålesund, Giske, Haram og Sula.
- Austre Sunnmøre prosti omdattar Skodje, Ørskog, Norddal, Stordal, Stranda og Sykkylven.
- Søre Sunnmøre prosti omfattar Vanylven, Sande, Hareid, Herøy, Ulstein, Volda og Ørsta.
Anna:
- Distriktet utgjorde det tidlegare Søndmørs fogderi.
[endre] Lenkjer
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Sunnmør» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |
