Sukká
Frå Safon.org
- For Talmúdtraktaten med same namn, sjå massékhet Sukká.
Ein sukká (hebr. סֻכָּה el. סוּכָּה; pl. סֻכּוֹת el. סוּכּוֹת sukkót) eller ein cabaña (kastiljansk), ofte kalla lauvhytte på norsk, er ei hytte som blir oppsett kvart år mellom kippúr og sukkót til bruk under den jødiske haustfesten sukkót, som òg blir kalla lauvhyttefesten på norsk.
I utgangspunktet seier halakháen at ein skal eta og sova i sukkáen anna enn om forholda er svært vanskelege. I det ofte kalde og/eller regnvåte haustvêret i Nord-Europa, Canada og nordlege deler av USA er den vanlegaste skikken å prøve å eta minst eitt måltid i sukkáen kvar dag så lenge sukkót varer.
Innhaldsliste |
[endre] Typar
[endre] Samaritansk
I samaritanske sukkót er veggene og taket heilt dekte av frukter. På grunn av mange hundre års forfølging frå muslimske naboar blir ikkje lenger dei samaritanske sukkót oppsette ute i friluft, men blir heller bygde innandørs.
[endre] Rabbinsk
Rabbinske sukkót blir allveg oppsette ute i friluft, og dei blir bygde slik at det kan regne inn. Nokre seier òg at ein skal kunna sjå stjernene på nattehimmelen gjenom taket. Det glisne takdekket, sekhákh, består gjerne av nyskorne palmegreiner i Ereṣ Jisraél og elles kring Middelhavet, og av greiner av lauv- eller bartre i Nord-Europa. Enkelte brukar òg bambus til sekhákh.
[endre] Berakhót
|
בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּֽנוּ לֵישֵׁב בַּסּוּכָּה׃ | ||
|
Signa er du, ADONÁI vår Gud, herskar over universet, som helga oss med boda dine og baud oss å sitta i sukkáen. |
Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, asjér kiddesjánu bemiṣvotáv, veṣivvánu lesjéb lassukká. |
Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que nos santificó en sus encomendanças, y nos encomendó, para estar en sucá. |
Første gongen vi sitt og et i sukkáen seier vi sjeheḥejánu:
|
בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. שֶׁהֶֽחֱיָֽנוּ וְקִיְּמָֽנוּ וְהִגִּיעָֽנוּ לַזְּמַן הַזֶּה׃ | ||
|
Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, universets regent, som heldt liv i oss og heldt oss oppe og lét oss nå denne tida. |
Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, sjeheḥejánu vekijjemánu vehiggingánu lazzemán hazzé. |
Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que nos abiviguo, y nos sostuvo, y nos allegó al tiempo este. |
Kategoriar: Q | Sukkót | Bygningar
