St. Eystein kirkje i Kristiansund
Frå Safon.org
St. Eystein kirkje er ei katolsk kirkje i Flintegt. 5 Kristiansund som vart vigsla i 1958. Det første katolske kapellet i byen vart vigsla i 1932, og fleire nonner av St. Carl Borromeusordenen kom flyttande til byen året etter. Den katolske meinigheita vart formelt oppretta i 1934 med Lilly Werring, f. Germaine Amalie Aubert, og sønene hennar som medlemmer. Meinigheita har vokse med tida og har i dag (2008) 255 medlemmer. Kirkja fungerer som meinigheitskirkje for katolikkane i dei 11 kommunane på Nordmør og sorterer under Trondheim stift av Den katolske kirkja. Prest og sokneadministrator sidan 27. juli 2006 er pater Alexandre Semajangwe Polepole.
