Safon.org:Hovudsida
Frå Safon.org
|
Mange lenkjor frå Google (og i mindre grad andre eksterne sidor) blir vidaresendte hit til hovudsida akkurat no. Dette vil rette seg så snart Google får oppdatert databasen sin. |
Velkommen · Ordliste · Kort innføring · Spørsmål og svar · Samfunnshuset · Retningslinor · Populære sidor Safon.org er ein nettressurs for kultur og miljø med skandinavisk kystkultur i vidaste tyding, inkludert minoritetskulturar, og kulturmøte som hovudreferanserammor. Kjeldetypane inkluderer artiklar, bøker, bilde og lenkjesamlingar. Safon.org har 2 288 artiklar så langt, og fleire er på veg. Du finn eit tilfeldig utval tå smakebitar frå dessa artiklane her på hovudsida kvar dag. Har du problem med skrifttekna, finn du tips om installering tå oppdaterte fontar og liknande her. FAGSIDOR: ENGELSK • HEBRAISK • KROPPSØVING • KUNST OG HANDVERK • MAT OG HELSE • MATEMATIKK • MUSIKK • NATURFAG • NORSK • RELIGION OG LIVSSYN • SAMFUNNSFAG • SPANSK • TYSK I dag er det laurdag den 10. januar 2009.
| ||||||||||
|
Blandaball (utt. ["bɽɑɲ:aˌbɑʎ:]), stundom skrive blannaball, blainnabaill o.a., er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er ferskfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Ball, og særleg blandaball, er spesielt populær mat i Kristiansund, og byen blir ofte spøkefullt kalla Baillsund. Les meir … Borecas eller borekas svarar til börek på tyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drivne gatekjøken i Noreg under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll tå fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo saman den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas. Les meir …
Kva matvaror som er tillatne for pesaḥ (jødisk påske) varierer noko mellom olike jødiske gruppor. Det grunnleggande trekket som er felles for alle er at all ḥaméṣ — det vil seie syrna eller gjæra mat tå dei fem kornslaga (kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug — er forboden både å eiga og å eta alle dei sju eller åtte dagane pesaḥ varar. Dei fleste tradisjonelle asjkenazím, og i seinare hundreår mange europeiske sefardím òg, avstår frå å eta kitnijjót (belgvekstar, særleg i tørka tilstand) under pesaḥ på grunn tå at mjøl tå dessa belgvekstane (slik som ertermjøl) kan komma til å bli forveksla med mjøl tå dei fem kornslaga. Meiningane om ris er delte. Dei fleste sefardím et ris under pesaḥ, men asjkenazím reknar ris til kitnijjót, som dei avstår frå å eta. Les meir …
Saltfiskball (utt. ["sɑʎ:hƫfɪskˌbɑʎ:] el. ["sɑʎ:hƫfeskˌbɑʎ:]) er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er saltfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Saltfiskball er spesielt populær mat på Smøla på Nordmør. Les meir … Sildball (lokal uttale sillbaill) eller sildeball er ein matrett som hovudsakleg blir bruka kring Ytre Nordmør og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Noreg. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir samanmalne til ein tjukk farse som så blir forma til kulor med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte saman med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp. Les meir …
Tørrfisk er osalta fisk som er naturleg tørka tå sol og vind på hjell eller (sjeldnare) tørka i eigne tørkeri. Å tørke mat er verdas eldste kjente konserveringsmetode, og tørka fisk er haldbar i årevis. Metoden er billig òg — det kan gjerast tå fiskaren sjølv, og det gjer fisken enklare å transportere til marknaden. Tørking tå fisk er kjent frå gamle tider i Noreg; ordet «torsk» kjem tå det norrøne þurskr, som er ei samantrekt form tå þurrfiskr (‘tørrfisk’). Tørrfisken er den vara Noreg har eksportert lengst, og han er, ved sida tå råolje, naturgass og inntekter frå handelsflåten, den samfunnsøkonomisk mest lønsame eksportvara gjønom hundreåra. Fisk som er salta og flattørka blir kalla kleppfisk. Les meir …
Amedeo Modigliani, fødd 12. juli 1884 i Livorno i Italia, død 24. januar 1920 i Paris i Frankrike, var ein italiensk kunstmålar, skulptør og teknar. Modigliani var det fjerde og yngste barnet til Flaminio Modigliani og Eugenia Garsin. Heimbyen hade ein stor jødisk folkesetnad, og han vart fødd inn i ein opprinneleg velståande sefardisk familie. Broren Giuseppe Emanuele Modigliani var ein sosialistisk politikar. I 1895, elleve år gammel, vart han ramma av lungehinnebetennelse, og da han var 14 fekk han tyfus. I 16-årsalderen fekk han lungehinnebetennelse att og pådrog seg òg tuberkulose. I rekonvalesensperioden bestemte han seg for å begynna å måle, og mor hans ordna det slik at han fekk studere hos landskapsmålaren Guglielmo Micheli i Livorno. Les meir …
Carl Friedrich Abel (f. 22. desember 1723 i Köthen i Tyskland, d. 20. juni 1787 i London i England) var ein tysk bassgambist og komponist. Han er særleg kjent for komposisjonane sine for gambe (viola da gamba). Abel var fødd i Köthen som son tå ein fiolinist og hoffmusikar der. Det blir sagt at han studerte under Johann Sebastian Bach i St. Thomasschule i Leizig, men dette finst det ikkje noko bevis for. I perioden 1748 til 1758 var Abel hoffmusikar i Dresden under leiing tå A. Hasse. Les meir …
Gurū Gōbindh Singh djī (pandjabi ਗੁਰੂ ਗੋਬਿੰਦ ਸਿੰਘ ਜੀ) (Patna i Bihar i India, 22. desember 1666—7. oktober 1708) var den tiande og siste av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 11. november 1675 som etterfølgjar etter far sin, gurū Tēgh Bahādur. Rolla som gurū Gōbindh Singh (òg stundom skrive som «Gobind» og «Govind»), den tiande og siste av dei ti sikh-gurūane og grunnleggarane av sikh-trua, var monumental. Han levde som eit eksempel på sikh-trua gjønom eit liv med store personlege tap: Gōbindh miste far sin, mor si og alle dei fire sønene sine i den religiøse krigen mot Mughal-keisaren i si tid, Aurangzeb. Aurangzeb kravde at alle sikhar laut konvertere til islām eller bli drepne. Det var i denna krigen at gurū Gōbindh leid så store personlege tap. Les meir … Rebbí Jiṣ’ḥák ben Jangakób hakkohén Alfassi (1013–1103), hebr. יִצְחָק הַכֹּהֵן אַלְפַסִּי Jiṣḥāq hakkōhēn Alfassī, ofte kalla רי”ף RIF, særleg blant asjkenazím, var ein sefardisk rabbinar som er særleg kjent for verket Sefer hahalakhót, ofte rekna som det første storverket i den halakhiske litteraturen. Jiṣ’ḥak ben Jangakób hakkohén vart fødd i Algerie i 1013 og studerte i Kairouan i Tunisia under Nissím ben Jangakób og Ḥananél ben Husjiél, dei anerkjente rabbinske autoritetane i Nord-Afrika på den tida. Han flytta seinare til Fez i Marokko til eit meir tolerant miljø. Det jødiske samfunnet i Fez tok på seg å støtte honom og familien hans slik at han kunne arbeide oforstyrra på boka Sefer hahalakhót. Les meir …
Katti Anker Møller (1868–1945) var ein norsk kvinnesaksforkjempar. Ho var fødd på Hamar, men budde i Fredrikstad det meste tå livet sitt. Ho var dotter tå Herman Anker. Katti Anker Møller arbeidde særleg for å betre forholda for ugifte mødrer og uekte born. Saman med svogeren Johan Castberg arbeidde ho for å få revidert lovverket på området, noko som resulterte i Dei Castbergske barnelovar av 1915. Les meir …
Peter Christen Asbjørnsen (1812–1885) var ein norsk forfattar, folkeminnesamlar, forstmann og naturvitar. For ettertida er Asbjørnsen vorten ståande som sjølve eventyrkongen i norsk kultur. Han og ungdomsvenen Jørgen Moe vart kjente som Asbjørnsen og Moe, som er vorte eit synonym for bokverket Norske folkeeventyr. Ettersom han tidleg interesserte seg for andre ting enn skulefaga, vart han teken ’tu borgarskulen og sendt på eit privat artiumskurs på Norderhov, der han møtte Jørgen Moe. Dei to vart vener for livet og inngjekk på norrønt vis ein pakt som gjorde dem til «blodsbrør». Les meir …
Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen om bord på ein båt, eit skip eller eit luftfartøy som kjem frå magnetismen i sjølve fartøyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt fortekn. Han vil òg endre seg i etter kursen til fartøyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for olike retningar. Les meir …
Fish and chips eller fish ’n’ chips (ofte kalla fishan i Kristiansund), eller deigdyppa og frityrkokt fisk med frityrkokt potet, er ein populær gatekjøkenmattype tå engelsk opphav. Utanom England er fish and chips populær elles på Dei britiske øyane, i Australia, på New Zealand, i Canada og i nokre kystbyar i Nederland og Noreg. I seinare år har òg fish and chips begynt å bli kjøleg vanleg i USA og mange andre plassar. I fleire tiår var fish and chips den dominerande, eller ofte meir eller mindre einaste, gatekjøkenmaten i Storbritannia. Les meir … Ein jakobsstav (vanleg namn i samband med navigasjon) eller ein radius astronomicus (som måleinstrument i samband med astronomi) er eit enkelt måleinstrument som blir bruka til å måle vinkelavstanden mellom to objekt. I samband med navigasjon galdt detta i all hovudsak måling tå høgda til sola eller polarstjerna over horisonten. Andre namn på jakobsstaven inkluderer gradboge og baculus Jacob. Den opprinnelege jakobsstaven vart utvikla som ein enkel reiskap med éin tverrstav på 1300-talet og vart bruka til å gjera astronomiske målingar. Jakobsstaven vart først skildra tå den jødiske matematikaren, astronomen og filosofen Leví ben Geresjón («Gersonides»). Les meir …
SS «Statsraad Lehmkuhl» er Bergen sitt skuleskip. Seglskipet vart bygd tå Joh.C. Tecklenborg i Geestemünde i Bremerhaven i 1914 under namnet «Grossherzog Friedrich August» som skuleskip for den tyske handelsflåten. Etter første verdskrigen vart skipet teke tå Storbritannia som krigserstatning. I 1921 vart skipet kjøpt tå Norges Rederforbund på initiativ frå tidlegare statsråd Kristofer Lehmkuhl. Skipet vart da oppkalla etter Lehmkuhl. Les meir … Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. Dei tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. Dei to- og tremastra skonnertane skil seg ut frå briggar og barkskip ved at stormastra primært er sneiseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl. Les meir …
Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmør og tildels Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til om lag 1880. Mindre båtar vart bygde inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygde og har både årar og segl. Dei er særleg kjennetekna tå skroget, som er snidbetna, og lårseglet. Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, løer og andre uthus. Båtmaterialane har vorte bruka på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling tå båtdeler viser lita endring i byggjemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygde. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte bruka til å byggje oppatt båtar. Les meir …
|
Carl Friedrich Abel (f. 22. desember 1723 i Köthen i Tyskland, d. 20. juni 1787 i London i England) var ein tysk bassgambist og komponist. Han er særleg kjent for komposisjonane sine for gambe (viola da gamba). Abel var fødd i Köthen som son tå ein fiolinist og hoffmusikar der. Det blir sagt at han studerte under Johann Sebastian Bach i St. Thomasschule i Leizig, men dette finst det ikkje noko bevis for. I perioden 1748 til 1758 var Abel hoffmusikar i Dresden under leiing tå A. Hasse. Les meir … Israel Gottlieb Wernicke (1755-1836) var ein musikar, komponist og musikklærar frå Bergen som blant anna skreiv oratoria Ramdeo Rhator (eit indisk susjett) og Furius Camillus. Israel Gottlieb Wernicke vart fødd den 2. februar 1755 i Bergen som son tå den tyskfødde Johan Gottlieb Wernicke (d. 1775), organist ved Domkirkja i Bergen, og kona Justina, f. Rhode, ho òg tå tysk slekt frå Rostock. Han vart dimittert frå Bergens Kathedralskole i 1771. Etter detta reiste han til København og vart ein svært flink student, men musikken vart tidleg det viktigaste for han. Les meir …
Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi (16. september 1916—11. desember 2004) var ein vidgjeten indisk karnatisk songar. Ho er best kjent under kortnamnet M.S. Subbulakshmi eller berre M.S.. M.S. kom frå ein musikalsk familie i den gamle tempelbyen Madurai i Tamil Nadu. Ho begynte å synge kjøleg tidleg, og opptrådde offentleg første gongen da ho var tretten saman med mor si, som spela vina. Ho lærte karnatisk musikk under Semmangudi Srinivasa Iyer og seinare hindustanimusikk under Pandit Narayan Rao Vyas. Les meir …
Thomas Augustine Arne (mars 1710—5. mars 1778) var ein engelsk komponist som er mest kjent for den populære patriotiske songen «Rule, Britannia!» som framleis blir mykje framført — blant anna under Last Night of the Proms. Arne er òg kjent for å ha sett musikk til mange songar frå skodespela ått William Shakespeare. Thomas Augustine Arne vart fødd i mars 1710 i Covent Garden i London i ein familie som hade slege seg opp i møbeltrekkingsbransjen. Han fekk utdanninga si ved Eton College og var interessert i musikk frå tidleg i ungdomsåra. Eit tilfeldig møte med Michael Festing gav honom rikeleg høve til å pleie musikkinteressa si, men far hans ville likevel at sonen skulle bli jurist. Les meir …
Ei bryggje, òg kalla ei sjybu, eit sjyhus eller eit pakkhus, er ei lagerbygning i éin (vanlegare to) eller fleire etasjar som ligg med ein vegg over djupt vatn så skutor kan legge til for lasting og lossing. Øvst på sjyveggen er det som regel eitt eller fleire vindhus med vinder for heising av gods mellom bryggja og skutone. Rett under vindhuset er det bryggjedører (brýjedöre, brøggdørre) i kvar etasje der varone var tekne inn ved lossing av skuta og ut ved lasting. Les meir … The Jewish Theological Seminary of America, kjent i jødiske krinsar rett og slett som JTS, er eitt av dei akademiske og andelege sentra i amerikansk konservativ jødedom så vel som i masorti jødedom generelt. Saman med The University of Judaism i Los Angeles and Machon Schechter i Jerusalem er det eitt av dei viktigaste rabbinske seminara i masortirørsla. Namnet og den grunnleggande ideologien er henta frå det historiske Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław). Les meir …
St. Eystein kirkje er ei katolsk kirkje i Flintegt. 5 Kristiansund som vart vigsla i 1958. Det første katolske kapellet i byen vart vigsla i 1932, og fleire nonner av St. Carl Borromeusordenen kom flyttande til byen året etter. Den katolske meinigheita vart formelt oppretta i 1934 med Lilly Werring, f. Germaine Amalie Aubert, og sønene hennar som medlemmer. Meinigheita har vokse med tida og har i dag (2008) 255 medlemmer. Les meir …
Tingvoll kirkje (uttale /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔ/ (N/A) / /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔɲ:/ (D)) på Tingvoll på Nordmør er ei steinkirkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil. Ho er ei tå dei gamle steinkirkjone som vart bygde i Noreg gjønom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kirkja og det store vinkelrette våningshuset i nærheita ligg sentralt til på eit nes på nordsida tå Tingvollvågen. I eldre tider var Tingvoll truleg tingstad for Nordmør, og det er difor ikkje onaturleg at kirkja vart bygd her. Veggene i kirkja er opptil 1,8 meter tjukke og har gangar inni, både på nordsida og sørsida. Dei går i trappetrinn bratt opp til murkrona oppunder sperrverket og så like bratt ned igjen. Det er eit mysterium kvifor dei vart bygde. Les meir …
| |||||||||
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om musikk- og/eller kulturhistorie, skandinavisk kystkultur, religion/livssyn (inkludert bahá’ítru, buddhisme, islam, jødedom, sikhisme o.a.) eller urfolk og minoritetar (inkl. samar og reisande), og du godtek retningslinone, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle tå¨Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | ||||||||||
WIKIPEDIA: nynorsk · bokmål · svensk · dansk · færøysk · islandsk · nordsamisk · finsk · engelsk · jiddisch · nederlandsk · plattysk · tysk · djudíospanjol · fransk · kastiljansk · portugisisk · hebraisk
ANDRE: Farmasihistorie.com · Kunsthistorie.com · Lokalhistoriewiki.no
Kategoriar: G1 | Safon.org | Kategoriar









