Safon.org:Hovudsida
Frå Safon.org
|
Mange lenkjor frå Google (og i mindre grad andre eksterne sidor) blir vidaresendte hit til hovudsida akkurat no. Dette vil rette seg så snart Google får oppdatert databasen sin. |
Velkommen · Ordliste · Kort innføring · Spørsmål og svar · Samfunnshuset · Retningslinor · Populære sidor Safon.org er ein nettressurs for kultur og miljø med skandinavisk kystkultur i vidaste tyding, inkludert minoritetskulturar, og kulturmøte som hovudreferanserammor. Kjeldetypane inkluderer artiklar, bøker, bilde og lenkjesamlingar. Safon.org har 2 287 artiklar så langt, og fleire er på veg. Du finn eit tilfeldig utval tå smakebitar frå dessa artiklane her på hovudsida kvar dag. Har du problem med skrifttekna, finn du tips om installering tå oppdaterte fontar og liknande her. FAGSIDOR: ENGELSK • HEBRAISK • KROPPSØVING • KUNST OG HANDVERK • MAT OG HELSE • MATEMATIKK • MUSIKK • NATURFAG • NORSK • RELIGION OG LIVSSYN • SAMFUNNSFAG • SPANSK • TYSK I dag er det fredag den 9. januar 2009.
| ||||||||||
|
Borecas eller borekas svarar til börek på tyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drivne gatekjøken i Noreg under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll tå fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo saman den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas. Les meir …
Etróg (hebr. אֶתְרוֹג; lat. Citrus medica), òg kalla cedrat, sukatsitron eller søtsitron på norsk, er ei svært aromatisk, sitronliknande frukt tå sitrusfamilien. Etróg er ein tå arbangá miním (dei fire slaga) som blir bruka symbolsk under sukkót (páscua de las cabañas, lauvhyttefesten). Det finst fleire typar etróg, men ikkje alle er kasjér til bruk for arbangá miním. Blant dei som ikkje blir bruka for detta er fingeretróg («buddhahand») og florentinsk etróg. I tillegg blir albedoen (det kvite området mellom ytterskalet og sjølve fruktkjøtet) bruka til å laga sukatar. I tidlegare tider har skalet vorte bruka som medisin og som parfyme for klede. Dei variantane tå etróg som blir bruka under sukkót er levantinske etrogím, jemenittiske etrogím, marokkanske etrogím, calabriske etrogím og greske etrogím. Les meir …
Pepparkakor er ein slags tynne, sprøe kakor som får den krydra smaken sin tå ingefær og minst eitt anna krydder, men ikkje allveg peppar. Frå tidleg på 1800-talet har pepparkakor særleg vorte assosierte med jula i Skandinavia, men dei blir etne i andre samanhengar og på andre tider tå året òg. Den 9. desember er «pepparkakans dag» i Sverige. Den første dokumenterte bakinga og etinga tå pepparkakor i Skandinavia fann stad seinhausten 1335, truleg på Båhus festning på den daverande grensa mellom Noreg og Sverige: Rekneskapa for råvareinnkjøpa til bryllaupet mellom kong Magnus Eriksson av Sverige, Noreg og Skåne og Blanca av Namur opplyser tydeleg at dei baka pepparkakor. Les meir … Sildball (lokal uttale sillbaill) eller sildeball er ein matrett som hovudsakleg blir bruka kring Ytre Nordmør og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Noreg. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir samanmalne til ein tjukk farse som så blir forma til kulor med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte saman med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp. Les meir …
Sjeḥitá (hebr. שְׁחִיטָה [šəḥī'ṭā]) eller schächting (gj. tysk frå jid. שׁעכטן shechtn) vil seie slakting etter jødiske religiøse forskrifter og blir normalt utført tå ein spesialutdana sjoḥét. Slaktemåten er omlag den same som dhabiḫa (muslimsk ḥalāl-slakting); og i tillegg er dette om lag same slaktemetode som ein finn blant tradisjonelle reindriftssamar og i noka mon òg mellom tradisjonelle norske bønder og småbrukarar. Dette er såleis ein tradisjon med djupe røter i skandinavisk kultur heller enn eit framandelement her til lands. Les meir … Eit stabbur (stav-bur), òg kalla bur, stolpehus og stolpebu, er ei lita bygning som står på stavar tå tre eller stabbar tå stein i staden for å stå over ein kjellar, på grunnmur eller rett på bakken. Visse typar toetasjes stabbur blir mange stader kalla stabbursloft eller loft. Primærfunksjonen til eit stabbur er å vera lagerplass for mat (oftast korn- og kjøttmat, men òg frukt nokre stader), klede og andre ting ein ikkje vil at mus, rotter og andre dyr skal ha tilgang til. Nokre stader brukar ein òg stabbura til overnattingsrom. Stabbur er svært vanlege i nordskandinavisk, samisk, austersjøfinsk og nordvest-russisk kultur, men finst òg blant anna i Valais i Sveits (raccard), i Asturias og Galicia i det nordvestlege Spania (hórreo, panera), i det nordlege Portugal (espigueiro) og blant indianarar i Alaska. Les meir …
Carl Friedrich Abel (f. 22. desember 1723 i Köthen i Tyskland, d. 20. juni 1787 i London i England) var ein tysk bassgambist og komponist. Han er særleg kjent for komposisjonane sine for gambe (viola da gamba). Abel var fødd i Köthen som son tå ein fiolinist og hoffmusikar der. Det blir sagt at han studerte under Johann Sebastian Bach i St. Thomasschule i Leizig, men dette finst det ikkje noko bevis for. I perioden 1748 til 1758 var Abel hoffmusikar i Dresden under leiing av A. Hasse. Les meir … Chaim Potok (17. februar 1929—23. juli 2002) var ein amerikansk romanforfattar og rabbinar. Romanane hans tek utgangspunkt i det asjkenazisk-ortodokse miljøet i byen New York og handlinga dreier seg ofte kring spenningsfeltet mellom olike tradisjonar såvel som spenningsfeltet mellom tradisjonelle verdiar og det moderne amerikanske samfunnet. Chaim Potok er særleg kjent for romanane The Chosen (1967) og My Name is Asher Lev (1972). Les meir …
Damal Krishnaswamy Pattammal (tamil தமள் கிருஷ்ணசுவாமி பட்டம்மாள், f. 1919), best kjent under forkortingane DKP eller DK Pattammal, er ei av dei mest populære og respekterte songarinnene i karnatisk musikk. Ho og dei to samtidige Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi og M.L. Vasanthakumari blir ofte kalla «den kvinnelege treeininga i karnatisk musikk». Damal Krishnaswamy Pattammal vart fødd den 28. mars 1919 i Kanchipuram i Tamil Nadu av foreldra Damal Krishnaswamy Dikshitar og Rajammal. 14 år gammel heldt ho den første konserten sin i Mahila Samaj i Egmore. Ho vart snart kjent, og musikkarrieren hennar har vara i over 65 år. Les meir … Rabbinar Ira Eisenstein (1910–2004) grunnla saman med Mordecai Kaplan den rekonstruksjonistiske jødedommen i løpet av tida frå 1920-åra til 1940-åra. Rekonstruksjonistisk jødedom var under denna første tida ei radikal fløy innaføre amerikansk konservativ (masorti) jødedom, men vart seinare formelt utskilt som ei sjølvstendig retning av jødedommen med opprettinga av the Reconstructionist Rabbinical College i 1968. Ira Eisenstein var fødd og oppvaksen i New York. Han tok Bachelor-graden og seinare òg ein doktorgrad ved Columbia University. I 1931 fekk han rabbinsk ordinasjon frå Jewish Theological Seminary. Blant lærarane hans der var rabbinar Mordecai Kaplan. Les meir …
Katti Anker Møller (1868–1945) var ein norsk kvinnesaksforkjempar. Ho var fødd på Hamar, men budde i Fredrikstad det meste tå livet sitt. Ho var dotter tå Herman Anker. Katti Anker Møller arbeidde særleg for å betre forholda for ugifte mødrer og uekte born. Saman med svogeren Johan Castberg arbeidde ho for å få revidert lovverket på området, noko som resulterte i Dei Castbergske barnelovar av 1915. Les meir …
Ludwig van Beethoven (ca 16. desember 1770—26. mars 1827) var ein tysk komponist i overgangen mellom klassisismen og romantikken. Han er særleg kjent for dei ni symfoniane og klaversonatane sine, men òg blant anna for dei seine strykekvartettane, som ofte går under kallenamnet «Dei galne strykekvartettane». Beethoven blir rekna som ein tå dei aller største komponistane i den europeiske klassiske musikktradisjonen gjønom tidene. Les meir …
Eit draft eller eit sjykart er eit kart over sjyområde med tilgrensande kyst der landdelen tå kartet er lite detaljert, men med markering tå landskapsformasjonar som er karakteristiske sett frå sjyen. Eit hovudpoeng ved sjykarta, i tillegg til å vise konturen tå land, holmar og skjer, er å oppgje detaljerte opplysningar om djupner ved full fjøre; tidlegare vart dessa oppgjevne som famner, men frå innpå 1900-talet har norske sjøkart gradvis gått over til å vise djupner i meter. Les meir …
Fish and chips eller fish ’n’ chips (ofte kalla fishan i Kristiansund), eller deigdyppa og frityrkokt fisk med frityrkokt potet, er ein populær gatekjøkenmattype tå engelsk opphav. Utanom England er fish and chips populær elles på Dei britiske øyane, i Australia, på New Zealand, i Canada og i nokre kystbyar i Nederland og Noreg. I seinare år har òg fish and chips begynt å bli kjøleg vanleg i USA og mange andre plassar. I fleire tiår var fish and chips den dominerande, eller ofte meir eller mindre einaste, gatekjøkenmaten i Storbritannia. Les meir …
Ein oktant (av lat. octans, ‘⅛ tå ein sirkel’) eller ein reflekterande kvadrant er eit geometrisk måleinstrument som først og fremst blir bruka i navigasjon. Namnet oktant kjem tå at sjølve bogen på måleinstrumentet utgjer ein åttedels sirkel, og namnet reflekterande kvadrant viser til at instrumentet brukar spegel for å doble den observerte vinkelen til ein fjerdedels sirkel. Andre historiske namn inkluderer astroskop og sjøkvadrant. Oktantane kom i bruk som navigasjonsinstrument i 1730-åra og tok etterkvart over den rolla som kvadranten, og i mindre grad òg framleis jakobsstaven, hade havt tidlegare. Les meir … Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. Dei tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. Dei to- og tremastra skonnertane skil seg ut frå briggar og barkskip ved at stormastra primært er sneiseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl. Les meir …
Ein slupp er ei lita seglskute, oftast med éi todelt master med gaffelsegl og tre forsegl. Han har permanent baugspryd eller klyverbom. Sluppen vart i store trekk bygd og rigga som ein kutter, men var oftast mindre enn kutterane. Les meir …
Ein styrvol eller styrevol er ei stong som er indirekte kopla til roret gjønom ei stong som går tvers gjønom øverenden av roret og som blir bruka til å styre båten med. Ein styrer mot styrbord eller babord ved å dra styrvolen att og fram etter kjølen, i motsetning til rorpinnar, der ein vrid dem på tvers av båten. Les meir …
|
Damal Krishnaswamy Pattammal (tamil தமள் கிருஷ்ணசுவாமி பட்டம்மாள், f. 1919), best kjent under forkortingane DKP eller DK Pattammal, er ei av dei mest populære og respekterte songarinnene i karnatisk musikk. Ho og dei to samtidige Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi og M.L. Vasanthakumari blir ofte kalla «den kvinnelege treeininga i karnatisk musikk». Damal Krishnaswamy Pattammal vart fødd den 28. mars 1919 i Kanchipuram i Tamil Nadu av foreldra Damal Krishnaswamy Dikshitar og Rajammal. 14 år gammel heldt ho den første konserten sin i Mahila Samaj i Egmore. Ho vart snart kjent, og musikkarrieren hennar har vara i over 65 år. Les meir … Erik Almhjell (1881-1963) var ein notekyndig spelemann frå Sunndalen på Nordmør. Opptaka av Erik Almhjell åleine og i fleirstemt samspel med sambygdingen Tore Hoås, såvel som notenedskriftene Erik gjorde, utgjer svært sentrale kjelder for sunndalstradisjonen av folkemusikken på Nordmør. Særleg interessante er opptaka av sunndalsspringaren. Les meir …
Jon Olsen Mogrinden (1794–1853), mest kjent som Jó Gri’nn, var ein spelemann og skreddar frå Kvenna (oftast skrive «Kvanne») i Stangvik i noverande Surnadal kommune på Nordmør. Han var kjent som ein tå dei fremste spelemennene på Nordmør i si tid. Les meir …
Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi (16. september 1916—11. desember 2004) var ein vidgjeten indisk karnatisk songar. Ho er best kjent under kortnamnet M.S. Subbulakshmi eller berre M.S.. M.S. kom frå ein musikalsk familie i den gamle tempelbyen Madurai i Tamil Nadu. Ho begynte å synge kjøleg tidleg, og opptrådde offentleg første gongen da ho var tretten saman med mor si, som spela vina. Ho lærte karnatisk musikk under Semmangudi Srinivasa Iyer og seinare hindustanimusikk under Pandit Narayan Rao Vyas. Les meir …
Esnogaen i Altona vart bygd etter løyve av 22. mars 1771 frå kong Christian VII av Danmark-Noreg og innvigd den 6. september same år. Synagogen, som låg i bakgården til Bäckerstraße 12–14 (noverande Hoheschulstraße), vart bruka av det portugisarjødiske samfunnet i Altona fram til det vart oppløyst i 1882. Bygninga vart selt til Det høgtysk-israelittiske samfunnet i Altona i 1887. I 1940 vart bygninga ekspropriert til Hamborg by og riven. Les meir …
Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisinga av jødar frå England i 1290. Denna synagogen var i bruk fram til Bevis Marks-synagogen vart innvigd i 1701. Les meir …
Ein moské (arab. مسجد masġid) er eit muslimsk sakralbygg for bøn og koranstudium. Sentrale element i ein moské er mihrab (ei nisje i veggen som vender mot Mekka), minbar (ei trappeliknande plattform nærme mihrab der den religiøse leiaren leier gudstjenestor og forrettar preikor), dikka (ei opphøgd plattform nærme atterveggen der lekfolk leier gudstjenestor frå) og kursi (ein lesepult nærme dikka der al-Qur’ān (Koranen) blir lesen frå). Les meir …
St. Sunniva kirkje er kirkja til den katolske meinigheita i Romsdal — og fram til 1954 òg Sunnmør — under Trondheim stift av Den katolske kirkja. Det første katolske kapellet i Molde, St. Sunniva kapell, vart innvigd i eit hus i Storgata 45 den 27. juli 1923, og meinigheita vart formelt stifta den 23. juli 1933. Da Storgata 45 brann ned etter bombinga i 1940, vart kapellet i St. Carolus sjukehus, som hade greidd seg gjønom bombinga, bruka som meinigheitskirkje. Den noverande kirkja i Parkvn. 25 i Molde vart innvigd i 1957. Les meir …
| |||||||||
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om musikk- og/eller kulturhistorie, skandinavisk kystkultur, religion/livssyn (inkludert bahá’ítru, buddhisme, islam, jødedom, sikhisme o.a.) eller urfolk og minoritetar (inkl. samar og reisande), og du godtek retningslinone, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle tå¨Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | ||||||||||
WIKIPEDIA: nynorsk · bokmål · svensk · dansk · færøysk · islandsk · nordsamisk · finsk · engelsk · jiddisch · nederlandsk · plattysk · tysk · djudíospanjol · fransk · kastiljansk · portugisisk · hebraisk
ANDRE: Farmasihistorie.com · Kunsthistorie.com · Lokalhistoriewiki.no
Kategoriar: G1 | Safon.org | Kategoriar









