Cristiano Giuseppe Lidarti - Safon.org

Cristiano Giuseppe Lidarti

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Cristiano Giuseppe Lidarti (17301793), òg kjent som Christian Joseph Lidarti, var ein austerriksk komponist av italiensk opphav som i vår tid særleg er kjent for det hebraiske oratoriet Ester.

Christoph Giuseppe Lidarti vart fødd den 23. februar 1730. Han gjekk på skule ved cicestiensarklosteret i Klagenfurt og studerte vidare ved jesuittseminariet i Leoben. Han begynte så å studere juss og filosofi ved universitetet i Wien, men studerte òg cembalo, harpe og komposisjon på eigahand. I 1751 flytta han til Italia for å spesialisere seg på musikk, og han budde blant anna i Venezia og Firenze føre han begynte å arbeide som musikar i kapellet til Cavalieri di Santo Stefano i Pisa — ei stilling han hadde frå 1757 til 1784. Lidarti var først og fremst kjent for kammermusikken sin i samtida. Det mest interessante arbeidet hans er nok likevel dei tre hebraiske kantatane og oratoriet Ester som han skreiv for det portugisarjødiske samfunnet i Amsterdam.

[endre] Kjelder

Personlege verktøy