Sogn
Frå Safon.org
Sogn er eit landskap i Sogn og Fjordane fylke fylke i landsdelen Vestlandet som dekkjer områda kring Sognefjorden, som er den lengste fjorden i Noreg. I tidleg vikingtid utgjorde området småkongedømmet Sogn og seinare i vikingtida og i høgmellomalderen fylket Sygnafylki (etter Gulatingslovi). Seinare utgjorde landskapet Sogn futedømme, som frå 1630 var delt i to (indre og ytre). Dei andre to landskapa og tidlegare futedømma i Sogn og Fjordane er Sunnfjord og Nordfjord, som saman opprinneleg utgjorde Firðafylki (no Fjordane).
Sogn har eit samla areal på 10 675 km² [1] og har 36 644 innbyggjarar (1.10.07) [2]. Landskapet omfattar dei tolv kommunane Aurland, Balestrand, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Vik og Årdal.
Distriktet kring den storslegne Sognefjorden har mange kjente reisemål og attraksjonar, inkludert Norsk Bremuseum i Fjærland ved Jostedalsbreen, Flåmsbana og den UNESCO-lista Nærøyfjorden i Aurland; og dessutan stavkirkjene i Borgund, Undredal og Urnes (UNESCO). Området er òg kjent for fruktdyrking og har fleire gode lakseelvar, på Lærdalsøyri ligg Norsk Villakssenter. Sogn er eit populært reisemål for cruisetrafikk og grensar til fjellområdet Jotunheimen i aust.
Folk frå Sogn blir kalla sogningar og talar sognemål. Sognebunaden kjem frå området.
[endre] Administrative inndelingar
- Distriktet utgjer næringsregion (NHO) Sogn, utanom Solund, Gulen og Hyllestad som inngår i næringsregion HAFS (saman med Askvoll og Fjaler i Sunnfjord).
- Kommunane deltek i Sogn regionråd, utanom Solund, Gulen og Hyllestad, som deltek i regionrådet HAFS (saman med Askvoll og Fjaler i Sunnfjord), og Høyanger som har meldt seg ut av Sogn regionråd.
- Høyanger, Hyllestad og Solund inngår i rettsområdet for Fjordane tingrett, Gulen i rettsområdet for Nordhordland tingrett (høyrde før 1.9.2006 til Fjordane tingrett), og dei øvrige kommunene i Sogn utgjer rettsområdet for Sogn tingrett, alle under Gulating lagdøme.
- Indre Sogn prosti under Bjørgvin bispedømme i Den norske kirkja omfattar Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland.
- Ytre Sogn prosti (også under Bjørgvin) omfattar Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Balestrand og Vik.
- Distriktet utgjorde det tidlegare Sogn futedømme, frå 1630 delt i Indre og Ytre Sogn futedøme.
[endre] Lenkjer
[endre] Fotnotar
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Sogn (distrikt)» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
Kategoriar: GFDL | Bokmålswikipedia | Q | Sogn | Sogn og Fjordane
