Snillfjord kommune - Safon.org

Snillfjord kommune

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Snillfjord)
Jump to: navigation, search
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggande opplysningar
Kommunenr: 1613
Fylke: Sør-Trøndelag
Kommunesenter: Krokstadøra
Flatevidd: 508 km²
Folketal: 1 021 (2007)
Målform: nøytral
Internettside: www.snillfjord.kommune.no
Politikk
Ordførar: John Lernes (H) 2007-

Snillfjord (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽ] el. ["sniʎ.ˌfjɷ:ɾ]), oftast kalla Snillfjorden (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:’ṇ] (N/A), ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽa] (D)) er ein kommune i det tidlegare Fosen futedømme i Sør-Trøndelag fylke. Kommunen grensar til Agdenes i nordaust, til Orkdal i søraust og til Hemne i vest; og på nordsida av Trondheimsleia grensar Snillfjord til Hitra. Snillfjord var opprinneleg del av Hemne kommune, men vart utskilt som eigen kommune tidleg på 1900-talet. Seinare vart den austlege delen av Heim kommune lagt til Snillfjord.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Snillfjord kommune dannar overgangen frå innlandet til kysten og det opne havet med sine fjell, fjordar og lange strandliner. Kommunen er populær som feriestad med gode mulegheiter for jakt, fiske og friluftsliv.

Jordbruksareal i drift utgjer 13,5 km², eller 2,8 % av totalt areal. Produktivt skogareal utgjer 90,5 km², som svarar 18,8 % av totalt areal. 16 km² av totalarealet i kommunen er ferskvatn.

Kommunen er delt opp av fleire fjordar og fjell — noko som fører med seg store avstandar mellom småstadene, men som gjev mange naturskjønne område òg. Snillfjord har ein sterkt desentralisert struktur; tettstadene Sunde, Krokstadøra og Ytre Snillfjord er nokolunde jamstore. Krokstadøra er definert som sentrum i kommunen, med avstand på kring 35 km både til Ytre Snillfjord og til Sunde. Avstanden frå Krokstadøra til Trondheim er 75 km.

Riksveg 714 går gjennom kommunen på veg frå Orkanger via Hitratunnelen til øyane Hitra og Frøya.

[endre] Samfunn

[endre] Religion

[endre] Den norske kirkja

Snillfjord er ein del av Hemne prestegjeld og har vore eige sokn sidan sist i 1890-åra. Fram til den tida sokna folk i Snillfjorden til hovudkirkja i Hemne, og frå 1884 dels til kirkja i Heim. I 1898 vart det bygd eiga kirkje her, og ho vart innvigd den 27. september 1899. På den tida vart òg Snillfjord utskilt som eige sokn.

[endre] Kommunevåpen

Kommunevåpenet for Snillfjord kommune er eit greip i sølv på grøn botn og symboliserer handverks-, sjø- og landbrukstradisjonar. Bakgrunnen for dette valet var at greipet i tidlegare tider var bruka både i tradisjonelt landbruk og til hausting av tang og tare, og dessutan viser det til dei gode handverkstradisjonane i kommunen. Greip vart i tidlegare tider laga av trevirke.

Kommunevåpenet vart laga etter ein idékonkurranse, og det valte kommunevåpenet er laga etter ein idé av Jim Bye frå Hallset ved Trondheim og bearbeidd etter heraldiske kriterium av Einar Skjervold frå Trondheim. Våpenet vart godkjent i kommunestyret i 1990, og vidare i Kommunaldepartementet den 17. september same året og endeleg stadfesta av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag i skriv av 19. september 1990.

[endre] Kjente snillfjordingar

[endre] Lenkjer


Nordmøre     FOSEN     Uttrøndelag
Hemne | Snillfjord | Hitra | Frøya | Agdenes | Bjugn | Osen | Rissa | Roan | Ørland | Åfjord


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Snillfjord» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Snillfjord» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy