Slupp - Safon.org

Slupp

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Sluppen «Magdalena og de tvende Døtre» av Christiansund (1816).
Sluppen «Magdalena og de tvende Døtre» av Christiansund (1816).

Ein slupp er ei lita seglskute, oftast med éi todelt mast med gaffelsegl og tre forsegl. Han har permanent baugspryd eller klyverbom. Sluppen vart i store trekk bygd og rigga som ein kutter, men var mindre enn denne.

[endre] Sunnhordlandsslupp

I distriktet Sunnhordland/Hardanger vart òg ordet slupp bruka om fartøy som vart rigga med to master — såkalla «topinna sluppar». Folk frå Sunnhordlandsdistriktet har fått stipend for å reise til Nederland og studere korleis hollendarane bygde desse fartøya. Dei tidlege sluppane hadde berre éi mast, men etterkvart som dei kom i bruk i nordsjøfisket vart alle bygde eller rigga med to master. Nokre få var rigga med «stengerigg», todelt mast som kunne takast ned og klyverbom som kunne takast inn. Dei eldre sluppane kunne ha opptil fire råsegl, men i seinare tid var det vanleg med éi breifokk, og nokre få eksemplar hadde rå-toppsegl. Seinare vart mesta alle rigga med «pålemast». Enda seinare, når motor vart vanleg, endra nemninga seg til kutter eller motorkutter.

Skilnaden på kutter og slupp gjekk oftast på skroget — kor skarpskore det var; riggen var stort sett lik.

[endre] Militærslupp (sjalupp)

Slupp blir òg bruka i sjømilitær terminologi og er der eit omgrep for ein mindre skipsbåt (eventuelt med motor) for personbefordring. Ein slupp er mindre og lettare enn ein barkasse.

[endre] Kjelder


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy