Skrei
Frå Safon.org
Skrei (norr. skreið, avleidd av skríða) er ein type torsk som vandrar mellom norskekysten og dei sentrale områda i Barentshavet.
I 1990-åra vart det endeleg fastslege at skrei og kysttorsk er genetisk ulike populasjonar, etter studium av DNA-markørar leidd av professor Svein Erik Fevolden ved Norges fiskerihøgskole. Vi kan dermed slå fast at torsk og skrei ikkje blandar seg, men utgjer heilt åtskilte bestandar. Det har lenge vore rekna med ein slik forskjell, og fysiologiske ulikheiter og blodprøvar har gjeve indikasjonar om dette. Heilt sikker kunne ein likevel ikkje vera før nye DNA-teknikkar kunne takast i bruk.
[endre] Kjelder
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
