Skaun kommune - Safon.org

Skaun kommune

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Våpen Kart
Fil:Skaun komm.png Fil:NO 1657 Skaun.png
Grunnleggande opplysningar
Kommunenr: 1657
Fylke: Sør-Trøndelag
Kommunesenter: Børsa
Flatevidd: 223 km²
Folketal: 6 211 (2007)
Målform: Nøytral
Internettside: www.skaun.kommune.no
Politikk
Ordførar: Jon P. Husby (Sp) 2007-2011


Skaun kirkje på Venn.Foto:Erlend Estenstad
Skaun kirkje på Venn.
Foto:Erlend Estenstad

Skaun er ein kommune i Sør-Trøndelag fylke. Kommunen grensar mot kommunane Orkdal i vest og Melhus i sør og aust. I nord har Skaun felles grense med Trondheim kommune i Gaulosen, ei sidearm av Trondheimsfjorden der elva Gaula har utløpet sitt. Skaun kommune vart danna i 1965 da dei tidlegare kommunane Børsa, Buvika og Skaun vart samanslegne. Dei største tettstadene i kommunen er Buvika, administrasjonssenteret Børsa, Venn, Viggja og Eggkleiva.

Innhaldsliste

[endre] Næringsliv

Mange av innbyggjarane i Skaun pendlar til arbeidsplassar i nabokommunane, med unntak av dei som arbeider innan landbruket og offentleg sektor. Den største bedrifta er mølna i Buvika (Norgesmøllene). Sjølv om kommunen har ca 6 000 innbyggjarar, finst det stort sett berre daglegvarebutikkar og eit par blomsterforretningar der. Dette kan komma av stor handelslekkasje til nabokommunane. På grunn av dei mange pendlarane blir Skaun ofte omtala som ein bukommune eller sovekommune, men kommunen arbeider aktivt for å trekkje til seg meir næringsliv. Den 30. juni 2005 opna nye E39 gjennom kommunen. Det er knytt stor spenning til ringverknadene av den nye vegen. E39 vart som ein av dei første vegane i Noreg bygd gjennom eit OPS-prosjekt (offentleg/privat samarbeid).

[endre] Skolar

Kommunen har fem barneskular. Jåren/Råbygda skule er den einaste heile skolen i Sør-Trøndelag med nynorsk som opplæringsmål (elles finst det enkeltklassar på andre skular). Ungdomsskoletrinna er samla på Skaun ungdomsskole i Børsa. I Børsa ligg òg Fredly folkehøgskole. Det finst ikkje vidaregåande skule i kommunen; dei fleste går på skular i nabokommunane, særleg i Orkdal, Meldal og Melhus, men òg på skular i Trondheim.

[endre] Kultur

Skaun er kjent for eit rikt kulturliv. Dei frivillige organisasjonane står sterkt; her finst det for eksempel idrettslag, 4H, fritidsklubbar, kor og korps. Revymiljøet er òg godt i Skaun. Den kommunale kulturskolen har tilbod innanfor drama, dans og bildekunst, samt vokal- og instrumentopplæring.

Kulturlivet kan også spela på dei historiske røtene til kommunen, som går heilt tilbake til vikingtida. På Naustan i Børsa står fire bautasteinar som etter folketrua vart bruka som båtfeste av Einar Tambarskjelve. Desse steinane er motiv for kommunevåpenet. Einar Tambarskjelve eigde òg høvdingesetet Husaby ved Venn. Det er strid mellom Skaun og Melhus om Tambarskjelve budde der eller på Gimse i Melhus.

Det som er sikkert er i alle fall at nobelprisvinnaren i litteratur Sigrid Undset budde på ein gard ved Husaby mens ho skreiv delar av trilogien om Kristin Lavransdatter. I bøkene hennar er det også på Erlend Nikolaussønns Husaby at Kristin Lavransdatter ender opp som husfrue. Kvart år den andre helga i august er det eit stemne om «Kristin på Husaby» i Skaun.

Skaun kirkje på Venn er ei steinkirkje frå mellomalderen (kring 1180), og forbi ho går pilgrimsleia vidare mot Nidarosdomen.

[endre] Natur

Kommunen har store friluftsområde som passar godt både for ski og fiske. Det finst 46 fiskevatn, hovudsakleg med aure og røyr. Laks kan fiskast i Børselva og Vigda. Dei mest kjende badeplassane er Grønlandsskjæret og Tråsåvika camping (begge mellom Viggja og Thamshavn), Grønnesset ved Ånøya (også tilrettelagt for funksjonshemma) og Laugasand på Eggkleiva.

Kommuneblomsteren til Skaun er rogn, som òg er omtala i Skaunasongen, skriven av Bjarne Slapgard og Lars Minsaas.

[endre] Kjente personar frå Skaun

[endre] Lenkjer


Fosen · UTTRØNDELAG · Inntrøndelag
ORKDALEN: Meldal · Oppdal · Orkdal · Rennebu
GAULDALEN: Holtålen · Melhus · Midtre Gauldal · Røros
STRINDA: Klæbu · Malvik · Skaun · Trondheim
STJØRDALEN: Selbu · Tydal · Meråker · Stjørdal


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Skaun» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy