Skandinavisk folkemusikk
Frå Safon.org
Skandinavisk folkemusikk er ein samleterm for dei ulike tradisjonelle og meir eller mindre folkelege musikktypane som finst blant etniske skandinavar (nordmenn, svenskar og danskar), inkludert romanifolk og andre reisande grupper med språk av heilt eller delvis skandinavisk type. Av politiske årsaker er det vanleg å snakke om norsk folkemusikk, svensk folkemusikk og dansk folkemusikk, men dei faktiske skiljelinene i stil og repertoar følgjer berre i liten grad landegrensene.
Samisk folkemusikk og delar av finsk folkemusikk kan nok falle innanfor det politisk definerte Skandinavia, men med sine eigne stiltrekk, repertoar og formidlingsspråk er det meir naturleg å omhandle desse musikktypane separat.
