Sjem Tob ben Joséf Falaquera - Safon.org

Sjem Tob ben Joséf Falaquera

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Sjem Tob ben Joséf Falaquera (ca 1225–ca 1295) var ein sefardisk diktar, omsettar og formidlande filosof i den nyplatonske skulen.

Sjem Tob ben Joséf Falaquera vart fødd i Provence eller Nord-Spania kring 1225. Han døde truleg ca 1295. Generelt var han, i pakt med sitt eige mål, meir ein formidlar enn ein nyskapar, og han omsette fleire nyplatonske tekstar.

I dei to verka Resjít ḥokhmá (‘Visdommens byrjing’) og Séfer Hammebakkésj (‘Den søkjandes bok’) tek han mellom anna føre seg musikk. I Resjít ḥokhmá tek han for seg klassifikasjon av greiner av musikken. Grunnskiljet går i følgje honom mellom praktisk og teoretisk musikk. Han skil her — som Regino av Pruem — mellom naturleg og kunstig musikk, der den naturlege musikken er den som blir framført med stemma. Vidare underdeler han den teoretiske musikken i fleire disiplinar. Det same kjem han inn på i det seinare verket Séfer Hammebakkésj, der han i tillegg skriv om musikkens opphav og verknad, og dessutan om musikkens akustiske karakter.

[endre] Verk

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer

Personlege verktøy