Sjemáng Jisraél - Safon.org

Sjemáng Jisraél

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Sjemàng Jisraél)
Jump to: navigation, search

Sjemáng Jisraél (hebr. שְׁמַע יִשְׂרָאֵל [šəmaŋ jisrā’ēl], «Hør, Israel!») eller Sjemáng er namnet på den jødiske truvedkjenninga. Kjerneverset er 5. mosebok 6:4:

שְׁמַ֥ע יִשְׂרָאֵ֑ל יהו֥ה אֱלֹהֵ֖ינוּ יהו֥ה ׀ אֶחָֽד׃

[Šəmaŋ, Jisrā’ēl; Ădōnāj Ĕlōhēnū, Ădōnāj — eḥād!]

“Hør, Israel: ADONÁI er vår Gud, ADONÁI er éin!”

Sjemáng i si kjerneform var kampropet åt kohénen som kalla israelsfolket til kamp mot fienden (5. mos. 20:3; Talmúd bablí, Sotá 42a). Det er dei siste orda i den døyandes truvedkjenning og det har vore dei siste orda for mange martyrar som vart torturerte og drepne for truskapen sin til Toráen.

Om rebbí Ngakibá er det sagt at han tolmodig heldt ut medan kjøtet hans vart rive opp med jarnkammar og at han døde medan han sa Sjemáng. Han uttala det siste ordet, אֶחָד [eḥād] (‘éin’) med siste andedraget sitt. (Talmúd bablí, Berakhót 61b)

Innhaldsliste

[endre] Sjemáng i Tempelet

[endre] Tempellyden sitt svar etter bruk av Gudsnamnet

På liknande vis som ein i dag svarar «amén» til signingar som inneheld Gudsnamnet, så fanst det eit svar til ytringar som inneheldt Gudsnamnet i Tempelet i Jerusalem. Den nøyaktige ordlyden vart noko utvida i løpet av århundra, og under dei siste generasjonane at Det andre tempelet stod var tilsvaret: ברוך שם כבוד מלכותו לעולם ועד׃ Ein gjennomgang av kjeldene ved Jerry Brem har vist at uttalen av dette svaret i Tempelet truleg var:

בָּרוּךְ שֵׁם כָּבוֹד. מַלְכוּתוֹ לְעוֹלָם וָעֶד׃

Bārūkh Šēm Kābōd; malkhūtō ləŋōlām vāŋed.

Signa vere det æra Namnet; Riket Hans i all æva.

[endre] Kirjàt sjemàng-ritualet under morgongudstenesta

I samband med morgongudstenesta i Tempelet vart Sjemàng sagt fram som ein del av Kirjàt Sjemáng-ritualet mellom tamíd-offeret (det daglege brennofferet) og ketóret-offeret (røykjelsesofferet). Kirjàt Sjemáng-ritualet er skildra slik i Misjná, Tamíd V:1:

Sa han åt dei [= åt prestane], tempelstyraren: «Sign de signing éi!» og dei signa; [og] dei las dei ti boda, Sjemáng («Hør [Israel]»), Vehajá im sjamóang («og det skal skje om de hører etter»), [og] Vajjómer («og han sa»). Og dei signa [deretter føre] folket tre signingar: [1:] Emèt vejaṣṣíb («sant og visst») og [2:] Ngabodá («[Guds]teneste») og [3:] Birkàt kohaním (prestesigninga); og på sjabbáten la dei til signing éi åt det utkommande [preste]vaktskiftet.

Av dette kan vi utleie dette tekstoppsettet frå den siste tida at Det andre tempelet stod:

  1. Ei innleiande signing. Ein trur dette var signinga «Ahabàt ngolám».
  2. Dei ti boda (2. mos. 20:1–17)
  3. Kjerneverset av Sjemáng. (5. mos. 6:4)
  4. Tilsvaret åt signingar / sentrale erklæringar med Gudsnamnet («Barúkh Sjém Kabód; malkhutó lengolám vangéd.»)
  5. Resten av første avsnittet av Sjemáng (5. mos. 6:5–9)
  6. Avsnittet «Og det skal skje om de hører etter» (5. mos. 11:13–21)
  7. Avsnittet «Og Han sa» (2. mosebok 15:37–41)
  8. Signinga «Sant og visst» — ei signing som mellom anna inneheld utdrag av historia om Utgangen av Egypt og som framleis finst i synagogeritualet i dag.
  9. Signinga «ngabodá», som i dag finst som nest siste signinga av ngamidáen i synagogegudstenesta.
  10. Prestesigninga (2. mos. 6:24–27)
  11. I tillegg las det utgåande vaktskiftet (av kóhaním (prestar) som hadde tent i Tempelet denne veka) ein mi sjebberákh (ei forbøn) for det kommande vaktskiftet. Ordlyden seiest å ha vore: «Den som lèt Namnet Sitt bu i dette Huset, Dén late bu mellom dykk kjærleik og samkjensle, fred og venskap.»

[endre] Sjemáng i synagogen

I synagogar medan Tempelet i Jerusalem enno stod, vart Sjemáng framleis utført med Dei ti boda. Kring dei første par århundra evt., da Tempelet vart øydelagt av romarane, kristendommen skilde seg ut som eigen religion og den jødiske munnlege Toráen vart kodifisert og nedskriven i Misjná, vart Dei ti boda tekne or Sjemáng. Grunngjevinga var at «hamminím» (‘dei fråfalne’, dvs. dei jødisk-kristne), hevda at Dei ti boda var heile lova og resten av Toráen var uviktig. (Talmúd jerusjalmí, Berakhót I:5) Skikken å inkludere Dei ti boda — anten direkte føre Sjemáng eller noko tidlegare i morgongudstenesta — heldt seg likevel i ein del synagogar i Eres Jisraél (det noverande Israel/Palestina) fram til korstogstida og i nokre synagogar i Egypt heilt fram til 1300-talet.

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder

Idelsohn, Abraham Zebi: Jewish liturgy and its development. New York (Dover), 1995. Brem, Jerry: «The Barukh Shem Kevod blessing : an analysis», i Conservative Judaism 57 (2004), nr. 1, s. 54–64.

[endre] Lenkjer

Personlege verktøy