Sjabbát - Safon.org

Sjabbát

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Veka
søndag
(1. dag)
måndag
(2. dag)
tysdag
(3. dag)
onsdag
(4. dag,
mekkdag)
torsdag
(5. dag)
fredag
(6. dag)
laurdag
(7. dag,
sjabbát)
Pizmónen «Ki esjmerá sjabbát» i ein sefardisk versjon frå London.
Pizmónen «Ki esjmerá sjabbát» i ein sefardisk versjon frå London.

Sjabbát (hebr. שַׁבָּת šabbāt) eller sabbat (gj. gresk σαββάτων), òg kalla sabá (frå eldre sefardisk hebraisk uttale [sa'ba:ð]) og sjabbes (frå jid. שַׁבּת, shabbes), er namnet på den sjuande dagen i den jødiske veka. Sjabbáten, som byrjar ved solnedgang på fredagskvelden og varar til etter solnedgang på laurdagskvelden, er den jødiske kviledagen. I kristendommen blir ordet sabbat bruka anten i same tyding som den jødiske sjabbáten eller i tydinga søndag. Ordet vart i samband med trolldomsprosessane frå seinmellomalderen av bruka som symbol på anti-kristen religion, og denne førestillinga er vidareført i uttrykket heksesabbat.

Innhaldsliste

[endre] Sjabbát i Tenákh

[endre] Sjabbát i jødedommen

«Der Samstug» (Laurdagen), ca 1800 — gravering basert på eit måleri av Frederich Campe. Vi ser tyske asjkenazím utanfor synagogen på sjabbát. Mennene har typiske sjabbátklede for sørvest-tyske asjkenazím fram til tidleg på 1800-talet.
«Der Samstug» (Laurdagen), ca 1800 — gravering basert på eit måleri av Frederich Campe. Vi ser tyske asjkenazím utanfor synagogen på sjabbát. Mennene har typiske sjabbátklede for sørvest-tyske asjkenazím fram til tidleg på 1800-talet.

Den jødiske sjabbáten byrjar ved solnedgang på fredagskvelden og varar til etter solnedgang på laurdagskvelden. I dette tidsrommet er det etter halakhá, eller jødisk religiøs lov, ikkje lov å gjera opp eld, koke nye matretter, reise utanom bygda/byen der ein var ved solnedgang på fredagskvelden, drive handel eller utføre noko slags handarbeid eller handverk.

[endre] Lystenning

Alle typar jødisk og samaritansk religion er einige om at ein ikkje skal gjera opp eld på sjabbát. Eit hovudskilje mellom rabbinsk jødedom på den eine sida og karaittisk jødedom og samaritansk religion på den andre er synet på å behalde eld i samband med sjabbát. Medan samaritanarar og karaittar meiner at eksisterande eld skal sløkkjast føre sjabbát, meiner rabbinske jødar at ein kan tenne eld føre sjabbát og late elden brenne vidare.

Sidan 900-talet veit vi at det har vore minhág blant rabbinske jødar å tenne minst to lys rett føre sjabbát. Desse lysa skal helst tennast i eit rom der folk vil opphalde seg under sjabbáten. Dei skal ikkje sløkkjast medan det er sjabbát, men skal få lov til å brenne ned av seg sjølve.

I samband med at desse to (eller fleire) lysa blir tent, seier vi ein spesiell berakhá. Sefardím seier denne berakháen rett føre lystenninga, medan asjkenazím tenner lysa først og les berakháen etterpå medan dei held hendene føre augo.

Berakháen for tenning av sjabbátlysa er:

בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו וְצִוָּֽנוּ לְהַדְלִיק נֵר שֶׁל שַׁבָּת׃

Signa er du, ADONÁI, vår Elohím, herskar over universet, som helga oss med boda Dine og baud oss å tenne lys for sjabbát.

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu melekh hangolám, asjér kiddesjánu bemiṣvotáv veṣivvánu lehadlík ner sjel sjabbát.

Bendito tu .A. nuestro Dio rey del mundo, que nos santificó en sus encomendanças, y encomendó para encender candela de Sabat.

«Mizmór sjir lejóm hasjabbát» — tradisjonell melodi for fredag kveld blant portugisarjødar, her i arrangement av Emanuel Aguilar.
«Mizmór sjir lejóm hasjabbát» — tradisjonell melodi for fredag kveld blant portugisarjødar, her i arrangement av Emanuel Aguilar.

[endre] Fredagskveldsgudstenesta

[endre] Signing av borna

[endre] Kiddúsj lelél sjabbát

[endre] Laurdagsmorgongudstenesta

Under laurdagsmorgongudstenesta blir tradisjonelt heile parasjáen (vekeavsnittet av Toráen) med tilhørande haftará (vekeavsnitt frå Nebiím (Profetane) lesen i synagogen. Sjølve toráavsnittet blir på sjabbáten delt inn i sju deler som blir lesne til kvar sin ngalijjá (oppkalling til Toráen). Denne morgongudstenesta blir etterfølgd direkte av musáf — ei kort tilleggsgudsteneste for visse helge- og merkedagar. Morgongudstenesta på sjabbát er, saman med kveldsgudstenesta på fredagskvelden, av dei gudstenestene som blir haldne mest i hevd blant jødar av alle vanlege retningar.

[endre] Utgangen av sjabbát

[endre] Tidspunkt

Det finst fleire ulike syn på kva tid sjabbáten er over på laurdagskvelden. Tre hovudsyn er:

  1. Når det er mørkt nok til ein kan sjå tre ulike stjerner på himmelen.
  2. Så lenge etter solnedgang som ein tjuefiredel av tida sola var oppe den dagen.
  3. 25 timar etter at sjabbáten begynte.
Habdalá. (Sefardisk illustrasjon frå Spania på 1300-talet)
Habdalá. (Sefardisk illustrasjon frå Spania1300-talet)

[endre] Habdalá

Hovudartikkel: habdalá.

Utgangen av sjabbáten blir tradisjonelt markert ved habdalá-ritualet: Ein tenner eit lys — gjerne eit fletta eller tvinna lys med fleire veikar —, fyller eit glas kasjér vin eller druejus, tek fram ein krydderboks og les så signingar over vinen, krydderet og det levande lyset. Ein avsluttar så med ei signing av skilnaden mellom helg og kvardag og drikk opp vinen.

[endre] Sabbatsfeiring i Noreg

I fleire diplom frå Den katolske kyrkja i Noreg vart det åtvart mot praksisen ein del vestlendingar hadde med å markere sabbaten på laurdagar ved å nekte å utføre arbeid.

[endre] Sjå òg

Personlege verktøy