Sjaḥarít
Frå Safon.org
| Jødiske gudstenester | ||||||
|
Sjaḥarít (hebr. שַֽׁחֲרִית [šaḥărīt]) eller sjaḥrít (hebr. שַׁחְרִית [šaḥrīt]) er namnet på den jødiske morgongudstenesta. Sentrale element i gudstenesta er Sjemáng Jisraél og ngamidáen. Føre sjølve hovudgudstenesta har ein oftast eit gudstenesteledd som i sefardisk jødedom blir kalla zemirót og som i asjkenazisk jødedom blir kalla pesuké dezimrá.
På måndag (eller tysdag i nokre fall), torsdag og sjabbát (laurdag) held ein i tillegg seder kirjat Torá — gudstenesteleddet der det blir lese frå Toráen.
