Sinknov
Frå Safon.org
Sinknov eller sinklaft er ein type lafteverk der hjørna ikkje har laftehovud og dei vassrette snittflatene i lafteknuten er plane. Sinknov kom i bruk på 1700-talet, til å begynna med særleg i samband med kirkjer og synagogar. Ein stor fordel med sinknov, og seinare kamnov, i høve til dei ymse typane knutenov er at det er lettare å byggje hjørne med andre vinklar enn 90°. Mange tømmerkirkjer vart bygde med med åtte kantar, og i nokre fall i y-form, med denne lafteteknikken. I våningshus og driftsbygningar var sinknov særleg mykje bruka kring første delen av 1800-talet.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
Vreim, Halvor: Laftehus : tømring og torvtekking. 5. utgåve, omarbeidd og auka. Oslo (Noregs boklag), 1966.
