Sildball
Frå Safon.org
Sildball (lokal uttale sillbaill) eller sildeball er ein matrett som hovudsakleg blir bruka kring Ytre Nordmør og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Trøndelag og Møre og Romsdal. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir samanmalne til ein tjukk farse som så blir forma til kuler av ca 5–8 cm diameter og koka — ofte saman med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp. Dei ferdige kokte sildballane er stålgråe av lèt. Det blir ofte hevda at sildballen har ein smak ein lyt venne seg til, men han blir gjerne sett på som ei delikatesse lokalt.
Ein serverer gjerne sildball med kokt kålrabi, kokte gulrøter, kokte potetar, flatbrød og smør.
