Sild i kål - Safon.org

Sild i kål

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Sild i kål er ein kystnorsk matrett som liknar på fårikål, anna enn at han inneheld sild i staden for kjøt.

[endre] Oppskrift

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar

  6 sild
1/2 lite kålhovud
 -  salta vatn
 -  smør
 -  mjøl
 -  salt, pepar

Framgangsmåte

  1. Reins 6 sild, flekk beinet frå og del kvart stykke i to.
  2. Skjer eit lite, halvt kålhovud i fine strimler og kok 1/2 time i salta vatn, som så blir sila frå.
  3. På botnen av ein kasserolle legg ein no først småe smørklattar, derpå eit lag kål, strødd med mjøl, så eit lag sild med salt, pepar og smør, derpå et lag kål osv.
  4. Vatnet blir slege over, og alt kokar ganske lett under tett lokk i om lag 20–25 minutt.

Perlegryns søtsuppe kan ein bruke attåt.

Personlege verktøy