Sikhisme
Frå Safon.org
| Sikhismen |
| Sikh-gurūar |
| Skrifter |
| Gurū Granth Sāhib |
|
Bāṇī - «Tjåpaī» |
| Filosofi |
| simran (Guds sanning) sēvā (dugnad, tre søyler |
| fem vonde |
| fem gode |
| Khalsā |
|
Pandj kakkē: |
| Heilage stader |
| Amritsar |
| Harimandir Sāhib («Det gylne tempelet») |
| gurduārā |
| Folk og språk |
| Pandjāb - sikhar |
| pandjābī - gurmukhī |
Sikhismen er ei religiøs lære som vart grunnlagt av gurū Nānak Dēv sist på 1400-talet. Læra har geografisk opphav i Pandjāb i grenseområda mellom India og Pakistan. Sikhismen er ein synkretistisk religion med røter i islām og hinduisme, men sikhane sjølve ser på han som ein heilt ny religion. Etter gurū Nānak Dēv vidareutvikla dei ni etterfølgjarane hans religionen til den forma han har i dag. Sjølve ordet «sikh» er pandjābī og tyder ‘elev’. I praksis er sikhismen den av dei ikkje-israelittiske religionane som ligg aller nærmast jødedommen i etikk, teologi og livsførsel.
[endre] Religionsutøving
Den heilage boka åt sikhane, Sri Gurū Granth Sāhib dji, blir rekna som den ellevte gurūen. Sikhar møtest til gudsteneste i tempel som blir kalla gurduārāer.
Alle religiøst innvigde mannlege sikhar, og ein del kvinnelege sikhar òg, ber i utgangspunktet fem kjennemerke, kjend som dei fem K-ane. Dette er kaṛā, eit armband; kirpān, ein sabel (evt. ein liten dolk-liknande mini-sabel); kēsj, langt hår; kanghā, ein kam; og katjhā, underbukser. Det var den siste levande gurūen, gurū Gōbindh Singh, som gav bod om dette, og i dag skil særleg mannlege sikhar seg ut mange stader ved dei store turbanane dei brukar til å ha kring det lange håret.
|
[endre] Tru
Sikhar trur at det berre finst éin Gud og skapar. Om ein får kontakt med Gud blir ein frelst og slepp atterføding. Kontakt får ein gjennom å besøkje ulike gurūar. Den truande er ikkje pålagt tempelbesøk og offer i så stor grad som det er vanleg i hinduismen. I sikh-trua er slike ritar knytte til eit materielt jordeliv. Dei kan derfor ikkje frelse menneske, men gjev ein berre meir kval og kvide. Nām, Guds Namn, sjabad, Guds Ord og Satsang, selskap med fromme og heilage folk, er vegane til frelse.
Sikh-religionen inkluderer tru på karma på liknande vis som i hinduismen, men det blir òg lagt vekt på at det berre finst éin gud. Nokre element av sikh-religionen kan minne om bhakti-miljøa innanfor hinduismen medan andre element minner om muslimsk sufisme.
Religionen vart mykje utsett for åtak frå muslimske herskarar under sine tidlege år, noko som førte til ei sterk samkjensle og til militarisering.
[endre] Dei ti sikh-gurūane
- Sjå hovudartikkelen Dei ti sikh-gurūane.
- Gurū Nānak Dēv (1469–1539) — blir sett som eit symbol på det guddommelege attributtet audmjukskap.
- Gurū Angād Dēv (1504–1552) — blir sett som eit symbol på det guddommelege attributtet lydnad.
- Gurū Amar Dās (1479–1574) — blir sett som eit symbol på det guddommelege attributtet likskap.
- Gurū Rām Dās (1534–1581) — blir sett som eit symbol på det guddommelege attributtet teneste.
- Gurū Ardjan Dēv (1563–1606) — blir sett som eit symbol på det guddommelege attributtet sjølvoppofring.
- Gurū Hari Gōbindh (1595–1644) — blir sett som eit symbol på det guddommelege attributtet rettferd.
- Gurū Hari Rāi (1630–1661) — blir sett som eit symbol på det guddommelege attributtet miskunn.
- Gurū Hari Krisjan (1656–1664) — blir sett som eit symbol på det guddommelege attributtet reinskap.
- Gurū Tēgh Bahādur (1621–1675) — blir sett som eit symbol på det guddommelege attributtet ro.
- Gurū Gōbindh Singh (1666–1708) — blir sett som eit symbol på det guddommelege attributtet kongeleg mot.
[endre] Ādi Granth eller Gurū Granth Sāhib
- Hovudartikkel: Gurū Granth Sāhib.
Ādi Granth, oftast omtala som Sri Gurū Granth Sāhib dji, er den heilage boka i sikh-trua. Boka vart samla i 1604 av gurū Ardjan, den femte sikh-gurūen. Sidan 1708, da boka vart den ellevte gurūen deira, har sikhar sett på henne som den levande kroppsleggjeringa av dei tidlegare gurūane.
Namnet «Gurū Granth Sāhib» innheld tre ord som har spesielle tydingar her. «Gurū», som i opphav er eit sanskrit-ord, tyder ‘lærar’, særleg religiøs lærar. Sikhane og hinduane meiner at gu tyder ‘mørk’ og rū tyder ‘lys’. Ordet viser derfor at boka leier menneska frå eit liv av mørk fåkunne til Gud sitt lys. «Granth» på hindi og sanskrit tyder berre ‘bok’, men sikhane tolkar det som ‘den heilage boka av gurdvaraene’. «Sāhib» tyder ‘venn’, ‘eigar’ eller ‘herre’ og viser her at boka er leiaren som sikhar må følgje.
[endre] Teksten
Gurū Granth Sāhib inneheld 5 894 religiøse og filosofiske songar med definerte melodiar.
Songane i Gurū Granth Sāhib vart skrivne av ulike menneske på ulike tider. Den største delen av dem vart skrivne av seks av dei ti sikh-gurūane: gurū Nānak Dēv (976 vers), gurū Angād Dēv (61 vers), gurū Amar Dās (907 vers), gurū Rām Dās (679 vers), gurū Ardjan Dēv (2 216 vers) og gurū Tēgh Bahādur (118 vers). Men boka samlar òg mange songar skrivne av hinduar og muslimar. Ho inkluderer òg nokre få songar skrivne av andre sikhar. Songane skrivne av gurūane heiter gurbāṇī, og songane skrivne av dei andre heiter bhagatbāṇī og bhattbāṇī.
Gurū Ardjan valde ut songane som han ville ha i Gurū Granth Sāhib for den andelege kvaliteten dei hadde. Han tok derfor ikkje med songar som førte med seg sjølvkjensle eller kastestoltskap, som lovprisa sosial rang eller asketisme eller som brukte seksuelle metaforar. Han sette spesielt pris på songar skrivne på daglegdags språk eller dialekt heller enn på eit opphøgd litterært språk. Emne for songane er blant anna ros av Gud, leiting etter Gud, måtar å stå i samband med Gud på, moralske reglar om korleis ein bør leva og litt teologisk fundering om Gud og verda. Dei legg vekt på rein og vilkårslaus kjærlegheit til Gud, eit liv som blir levd for å hugse Gud og om korleis ein treng ein ekte gurū som kan leie ein på vegen til Gud. Mange songar skildrar sjela som Guds ektefelle, sameinte i eit uskiljande samband. Menneska må derfor ikkje gå bort frå Gud, og dei må leva i og med Gud.
Under høgtider, så vel som i andre stunder prega av sorg eller glede, er det vanleg å lesa heile Gurū Granth Sāhib frå begynnelse til slutt utan opphald. Denne seremonien, som blir kalla akhand path tek kring 48 timar og kan utførast i ein gurduārā eller i privatheimar.
[endre] Musikken
Gurū Ardjan gav kvar song i Gurū Granth Sāhib ein melodi. Nokre av dem var tradisjonelle, men han skreiv òg melodiar for mange songar som ikkje hadde det. Han ordna melodiane basert på rāga-systemet frå hindustāni-musikk, den nordindiske klassiske musikktradisjonen. Kvar rāga har kjensler og stemningar i hindustāni-musikk. Gurū Ardjan brukte rāgaene som hadde kjensler som han meinte passa best med ånda i musikken. Han valde ikkje rāgaer som var for glade eller for triste, eller som var for klassiske, prydelege eller hadde skilt seg for mykje frå folkemusikken. Kvar song i Gurū Granth Sāhib har ei innleiing der som nemner kva for ein rāga som må brukast med honom, og boka har eit etterord som skildrar rāgaene. Det finst 31 rāgaer i alt i Gurū Granth Sāhib.
Framføring av songane heiter kírtān. Dei blir sungne svært ofte. På høgtider og i gurduārāer er det vanleg å synge dei i kor med mange musikkinstrument, særleg harmonium og tāblā.
[endre] Andre sentrale personar i sikhismen
- Mātā Khivi (1506–1582) — kona til gurū Angad Dev — er kjent for å ha grunnlagt langār-måltidet. Ho er den einaste kona av nokon av dei ti gurūane som er nemnt i Gurū Granth Sāhib.
[endre] Sikhismen og jødedommen
[endre] Fellestrekk
Det finst mange fellestrekk mellom sikhismen og jødedommen. Av desse kan nemnast ein total monoteisme, den store vekta på den heilage skrifta (Sri Gurū Granth Sāhib i sikhismen og Toráen i jødedommen) og trua på at mennesket blir fødd utan arvesynd og med fri vilje til å gjera godt eller vondt.
Både sikhismen og jødedommen ser på tildekking av hovudet som eit teikn på respekt. I sikhismen tek dette form av at menn (og nokre kvinner) som hører til khalsāen (dei religiøst innvigde) ber ein turban over det lange, uklipte håret. Dei som ikkje ber turban lyt dekkje hovudet med eit tørklede før dei sett fot i gurduārāen.
Sikhismen er deistisk — eit trekk vi finn i varierande grad i intellektuell sefardisk jødedom frå Mosjé ben Maimón (Maimonides, haRaMBaM) gjennom Leví ben Géresjón (Gersonides, haRaLBaG) til Baruch Spinoza, og som i dag hører først og fremst til retninga rekonstruksjonistisk jødedom.
Fellestrekk mellom sikhismen og dei liberale retningane av jødedommen er vekta på likeverd mellom kjønna og likestilling.
Fellestrekk med delar av kabbalá og ḥasidisme er vekta på sjelevandring.
[endre] Skilnader
Sikhismen praktiserer kremasjon av døde, noko som ikkje er tillate etter jødisk religion anna enn for å berge livet åt dei levande (for eksempel ved alvorlege epidemiar). Sikhismen skil seg ut frå ortodoks jødedom (men liknar progressiv jødedom) ved at han legg vekt på likestilling mellom kjønna, og han skil seg ut frå det mest utbreidde gudssynet i nyare tids tradisjonell jødedom (men liknar rekonstruksjonistisk jødedom) ved å vera deistisk heller enn teistisk.
Matføreskrifter er det færre av i sikhismen enn i jødedommen. Den viktigaste matrestriksjonen i sikhismen er at det blir frårådd å eta ḥalāl-slakta kjøt. Mange sikhar avstår òg heilt frå å eta kjøt.
[endre] Sikhismen og islam
[endre] Fellestrekk
[endre] Skilnader
[endre] Sikhismen og bahá’í
[endre] Fellestrekk
[endre] Skilnader
[endre] Sikhisme i Skandinavia
[endre] Noreg
| Statistikk over sikhar i Noreg | ||
|---|---|---|
| År | Offisielt medlemstal og grunnlag for offentleg stønad |
Prosent av totalt medlemstal i registrerte trussamfunn utanom Den norske kyrkja |
| 1971 | (tal manglar) | |
| 1980 | (tal manglar) | |
| 1990 | 1 078 | 0,6 % |
| 2000 | 1 772 | 0,7 % |
| 2001 | 1 974 | 0,7 % |
| 2002 | 2 172 | 0,8 % |
| 2003 | 2 404 | 0,8 % |
| 2004 | 3 110 | 1,0 % |
| (Kjelder: [1], [2]) | ||
De fleste av dei mellom 3 000 og 5 000 sikhane i Noreg bur i eller ved Oslo. Det finst to gurduārāer i Noreg — den eine, Gurduara Sri Guru Nanak Dev Ji, ligg på Alna i Oslo og den andre ligg i Drammen.
[endre] Sverige
Dei første sikhane kom til Sverige i byrjinga av 1970-åra, men sikh-samfunnet vart ikkje formelt organisert før tidleg i 1980-åra, da Gurdwara Sangat Sahib i Stockholm vart organisert. I dag finst det òg ein gurduārā i Göteborg og det har funnest ei foreining for sikhar i Malmö òg. Det nøyaktige talet sikhar i Sverige er ikkje kjent, men først i 2000-åra reknar ein med at i overkant av 1 000 sikhar budde i Sverige.
[endre] Danmark
Det nøyaktige talet sikhar i Danmark i dag er ukjent, men det dreier seg truleg om kring 1 000 personar eller familiar.[3] Det finst éin gurduārā i Danmark — Gurdwara Siri Guru Singh Sabha i Vanløse.
[endre] Kjelder
[endre] Lenkjer
[endre] Generelt om sikhismen
[endre] På skandinavisk
- Knut A. Jacobsen: «Sikhismen», på Forsvarsnett
- Tim Jensen: «Religionsguiden: Sikhisme»
- Didrik Søderlind: «Sikhismens historie»
- Didrik Søderlind: «En ukjent verdensreligion»
- Iqbal Singh Virdee: «Sikhismen - en enkel religion», på Utrop.no, publ. 14. mars 2002
[endre] På andre språk
- SikhiWiki — eit uavhengig MediaWiki-prosjekt om sikhismen
- SikhPhilosophy.Net :: An Interactive Resource on Sikhism and World Religions, Philosophies]
- Sikh.net
[endre] Sikhisme og politikk
- Knut A. Jacobsen: «En sikh som leder skaper forsoning i India», i Aftenposten, 15. juni 2004
[endre] Skandinavia
- Sikher.no - Heimesidene til Gurduara Sri Guru Nanak Dev Ji på Alnabru i Oslo.
- Sikh.se – den officiella hemsidan om sikhismen och sikherna i Sverige.
- HSS Faktablad - Sikhismen i Sverige
- Sikh.dk – sikhismen i Danmark
- Lillelien, Per et al.: «Krangler om turbo-turban»
- Khan, Mahmona: «Tøff turbankamp» (LO-Aktuelt, 04.05.2005)
- Sikh Turban in the Swedish Army — ein diskusjon på Sikhphilosophy.net
- Svanebro, Karin: «Unga sikher tar kål på fördomar», i Stockholms Fria Tidning, 3. november 2005
- Viestad, Andreas og Randem, Mette (foto): «Mat med turban» (Dagbladet, 05.02.2000)
[endre] Sikhisme og jødedom
- «Similarities between Sikhs and Jews» ved «jerusalemgypsy»
- «Lions in Zion» ved Lauren Gelfond Feldinger (Jerusalem Post, 29. desember 2005)
- «Sikhs and Jews – separated at birth?» ved Lauren Gelfond Feldinger (Jerusalem Post, 29. desember 2005)
- «Similarities between Judaism and Sikhism» — ei diskusjonsside på Beliefnet
- «Women in Sikhism» — ei diskusjonsside på Beliefnet
- «Sikh and Jew: East Meets West» av Dan Koch med hjelp frå Kamla Devi Koch på InterfaithFamily.com
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
Kategoriar: GFDL | Q | Sikhisme | 294.6 (sikhisme)
