Siddúr Limmúd
Frå Safon.org
|
Siddúr Limmúd er ein transdenominasjonell siddúr utarbeidd av Olve Utne. Så langt er band I (fredag kveld) komme ut (2006). Full engelsk boktittel er Siddúr Limmúd : a traditional-egalitarian learning siddur with transcriptions, translations instructions and explanations, og den fulle hebraiske tittelen er סִידּוּר לִימּוּד ־ סֵֽדֶר תְּפִלּוֹת כְּמִנְהַג ק”ק סְפָרַדִּים עִם תּֽוֹסָפוֹת מִמִּנְהָגֵי אִיטַלְיָינִים וְאַשְׁכְּנַזִּים עִם תַּרְגּוּם לָדִינוֹ וְאַנְגְּלִית וְעִם הֲלָכוֹת וּמִנְהָגִים.
[endre] Minhág
Siddúr Limmúd tek utgangspunkt i vesteuropeisk sefardisk tradisjon. I tillegg er vesentlege tekstvariantar frå italkisk og asjkenazisk jødedom medtekne som parallelltekst eller valfrie tillegg.
[endre] Retning
Siddúr Limmúd følgjer ikkje éi teologisk delretning av jødedommen, men prøver heller å inkludere og harmonisere perspektiv frå fleire jødiske retningar. Ortodokse element inkluderer faktumet at heile den tradisjonelle teksten er med. Masorti element inkluderer at tradisjonell jødisk praksis er utgangspunktet, og at det samtidig blir lagt vekt på det historiske grunnlaget for å inkludere kvinner i større grad enn i sentristisk-ortodoks til ḥaredisk jødedom.
