Siddúr
Frå Safon.org
| Det finst EIN LETTARE ARTIKKEL om dette — sjå «Kva er ein siddúr». |
Ein siddúr (hebr. סִדּוּר [sid'dūr] el. סִידּוּר); pl. siddurím) er ei jødisk bønebok. Ein siddúr inneheld typisk sett bøner for kvardagar og sjabbát, men kan òg innehalde ritual for overgangsritual og/eller dei tre valfartsfestane pesaḥ (jødisk påske), sjabungót (vekefesten, jødisk pinse) og sukkót (lauvhyttefesten).
Ein siddúr som inneheld dei faste bønene for alle dagane i året eller spesifikt for dei høge heilagdagane (rosj hasjaná og kippúr) blir gjerne kalla ein maḥzór.
Ulike etniske retningar av jødedommen, som sefardisk jødedom og asjkenazisk jødedom, har noko ulik utforming av sine siddurím.
